Fritak for renovasjonsgebyr

Gebyreiningar som står tome heile eller delar av året kan etter årleg søknad, få nedsett gebyr for:
  • Samanhengande heile året 100%
  • Samanhengande minst 6 mndr 50% 
Jfr Renovasjonsforskriftene §10c)
 
Vilkår for fritak er at avfallsbehaldarane er innleverte for den perioden det vert søkt fritak for.
 
Søknaden må vere skriftleg, anten ved bruk av søknadsskjema eller pr e-post eller brev.
 
 

Avtale om heimekompostering

Dersom du har kjøpt deg ein varmkompostbinge og komposterer alt matavfallet heile året, kan du ved å gå inn ein avtale om heimekompostering få redusert renovasjonsgebyret. 
 
Vilkåra for avtale om heimekompostering kan du sjå i avtalen under.