Avtale om heimekompostering
Dersom du har kjøpt deg ein varmkompostbinge og komposterer alt matavfallet heile året, kan du ved å gå inn ein avtale om heimekompostering få redusert renovasjonsgebyret. Denne avtalen kan du teikne ved å fylle ut skjemaet under (elektronisk skjema) eller sende avtalen pr brev. Du kan laste ned pdf-fil av avtalen her: Avtale om heimekompostering.
Godkjende kompostbingar:
- Bokashi-bøtte, les meir om bøtta her: Bokashi
- Varmkompostbingar
Det går også an å lage ein binge sjølv, då må den godkjennast av VØR.
Føresetnader for avtalen:
- Alt kjøkenavfall og organisk komposterbart avfall (våtorganisk avfall) skal komposterast.
- Restavfallet skal ikkje innehalde komposterbart materiale, og skal leverast kvar 4. veke.
- Komposteringa skal drivast heile året.
- Til komposteringa skal det brukast ein eigna varm-kompostbinge som er typegodkjend, eller godkjend av VØR. Det vil seie at den må vere isolert på alle 6 sider og sikra mot til dømes gnagarar, kattar, hundar og rev.
- Avfallet skal sorterast godt, slik at komposten kan nyttast direkte som jordforbetring.
- I tillegg til kompostbingen skal det vere tilgjengeleg eit lager av strø. Strøet kan vere tørt hageavfall, frest/opphakka avfall frå busker og tre, bark, torv, grovt kutterspon eller liknande. For at komposten skal verke godt, og for å unngå lukt, skal det blandast strø kvar gong det vert lagt fuktig matavfall i komposten. Avfall som kan gje luktulemper som ferskt kjøt, fisk eller rekeskal, skal gravast litt ned i komposten.
- VØR har rett til å føre tilsyn med at komposten fungerer akseptabelt, og kan gje pålegg om endringar eller opphøyr dersom avtalen vert broten.
- Matavfallsdunken må vere innlevert eller sett tilgjengeleg for henting.
Avtale om heimekompostering: