Eit standard renovasjonsgebyr inneheld:

  • 1 x 140 liter avfallsbehaldar for restavfall. Tøming kvar 4. veke.
  • 1 x 140 liter avfallsbehaldar for matavfall. Tøming kvar 2. veke.
  • 1 x 140 liter avfallsbehaldar for papir/papp/kartong + plast (i eigen sekk). Tøming kvar 4. veke.
  • 1 raud boks for farleg avfall/småelektrisk avfall (kan tømast på Miljøstasjonen)

Vi har også behaldar for glas- og metallemballasje som du kan bestille om du ønskjer det. Den vert tømt kvar 13. veke. Det er ingen ekstra kostnad for denne behaldaren.

Skulle det vere behov for større behaldar, auka hentefrevens eller samarbeidsavtale for eit sameige, kan du lese meir om dette i gebyrlista.

Tips før henting

  • Behaldarane må vere framsett seinast kl 06.00 på tømedag. Det kan vere lurt å sette fram behaldarane kvelden før, så er du sikker på at den står framme tidsnok.
  • Last ned appen Min Renovasjon så får du varsel for tøming dagen før.
  • Restavfallet skal vere emballert i pose og ikkje ligge laust i avfallsbehaldaren.
  • Brettar du pappen får du betre plass.
  • Plastsekken skal opp i papirbehaldaren.
  • Avfallsbehaldarane skal stå 1 - 3 meter frå vegkanten, ha fri tilgang og med ein avstand på 20 cm mellom behaldarane.
  • Ingen overfylte behaldarar - loket skal vere på ved tøming!

Plastemballasje

Dersom plastemballasjen skal kunne brukast til gjenvinning er det viktig at den er heilt ren. Skyl skiten plast i kaldt vatn og la den renne av før du har den i plastsekken for plastemballasje. Legg plasten laust i sekken utan å stappe emballasjen opp i kvarandre. 

Bruk gjerne oppvaskbørste på vanskelege flekkar. Går ikkje dette, gjer plasten betre nytte i restavfallet. Vi leverer ut sekkar til plastemballasje éin gong i året. Du får fleire sekkar gratis dersom du går tom. Sekkar bestiller du her.

Du kan lese meir om forskriftene for kommunal innsamling av avfall her.

Sjå meir informasjon i brosjyra Ny i nabolaget.