Nedgravde avfallsIøysingar

For tettbygde bustadområder med minst 20 bueiningar kan negravde anlegg vere ei god avfallsløysing. Avfallet vert då lagra i store kummar under bakken, noko som både tek liten plass og meir estetisk enn avfallsdunkar. Over bakken står innkastluker der alle i same område skal sortere og kaste avfallet.

For eksisterande bustadområde må abonnentane sjølve dekkje kostnader med kummar, installasjon og graving. For nye bustadfelt vert det no stilt krav til utbyggjar om nedgravde avfallsløysingar.

Om ordninga

Nedgravde avfallsløysingar gir estetiske, hygieniske og praktiske fordelar, til dømes at ein i periodar med kraftig vind slepp at avfallsdunkar bles over ende. Ein vil også få ein betre trafikksituasjon.

Ordninga fungerer slik:

  • Henting av matavfallet kvar 14.dag
  • Restavfall, glas- og metallemballasje, papp/papir og plastemballasje vert tømde når dei er fulle. Dette kan meldast på telefon 915 84 095. Hugs at riktig sortering av avfall er framleis gjeldande og viktig for å gjenvinne verdifulle ressursar! Det vil bli gjennomført kontrollar av kvaliteten på dei ulike avfallstypane.
  • Gebyret er det same som for standardhushald.
  • Abonnentar som er tilknytt eit anlegg vil vere ansvarlege for tilsyn, snømåking og å halde det ryddig rundt anlegga
Nedgravd løysing.
Hugs å sortere avfallet ditt.

Sortering

Det er framleis viktig at vi får sortert ut verdifulle ressursar frå avfallet som kan brukast opp att til å lage nye ting. Dette er både miljø- og energisparande. Like viktig er det at vi sorterer ut farleg- og elektrisk avfall, slik at vi får tatt hand om farlege miljøgifter og unngår brann i avfallet, under transport og ved mottak. Alle abonnentar får derfor eigen raud boks til å samle farleg- og småelektrisk avfall i. Denne får ein tømt gratis på miljøstasjonen i Hovdebygda. 

Matavfall skal i eigne grøne posar frå VØR. Desse får du ved å ta kontakt med VØR eller hente sjølv på miljøstasjonen.

Plastemballasje skal pakkast i eigne plastsekkar for nedgravde løysingar. Desse får du ved å ta kontakt med VØR eller hente sjølv på miljøstasjonen.

Papir, papp og kartong skal vere rein og tørr og brettast slik at ein får levert det inn luka.

Glas- og metallemballasje skal hivast laust i riktig løysing. Emballasjen skal vere tørr og rein og skal ikkje pakkast i plastnett.

Restavfall skal pakkast i plastnett og knytast godt igjen.

Farleg avfall leverast i raud boks på miljøstasjonen.