I samband med at den bemanna delen av miljøstasjonen til VØR på Grodås vert avvikla, ser VØR på kva vi alternativt kan tilby av tenester til dei som har lang køyreavstand til miljøstasjonen i Hovden. Målet er at flest mogleg skal kunne levere avfall på ein enkel og forsvarleg måte.
Haustens aksjon for innsamling av farleg avfall går føre seg i Ørsta og Volda i veke 40 og 41. I vår var det godt oppmøte i dei ulike bygdene, då blei det samla inn heile 7010 kg med farleg avfall til saman. Farleg avfall aksjonen er eit tilbod for innbyggjarane ute i periferien i Volda og Ørsta der dei kan levere farleg avfall på ein trygg og forsvarleg måte. I veke 40 blir det gjennomført innsamling på bygdene i Ørsta, medan innsamlinga i veke 41 går føre seg på bygdene i Volda.