Abonnent får melding frå Norva24 om tidspunkt for tømming og når tømming er utført.

Sørg for god tilgang til slamavskiljaren

For at slamtømminga skal kunne gjennomførast på ein effektiv og trygg måte, ber vi abonnentane om å sørgje for at det er god tilgang til slamavskiljaren.

Vegen fram til slamavskiljaren må vere fri og tilgjengeleg for slambilen. Det er også viktig at lokk og tilkomst til slamavskiljaren ikkje er dekte av gjenstandar, vegetasjon eller anna som kan hindre tømminga.

Vi ber om at abonnentane legg til rette for tømming før slambilen kjem.

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om slamtømming på nettsidene til Norva24 og VØR:

Vi takkar for at de legg til rette for ei effektiv slamtømming.