Vi søkjer ein positiv og engasjert medarbeidar som først og fremst skal arbeide i vekta men må og kunne delta i andre ulike oppgåver knytt til miljøstasjonen og den daglege drifta.

Kvalifikasjonar:

  • Kunne nytte IT som arbeidsverktøy.
  • Nøyaktig og ryddig.
  • Serviceinnstilt.
  • Gode norskkunnskapar (både skrifteleg og munnleg).
  • Evne til å sette seg inn i gjeldande lovar og reglar.
  • Førarkort klasse B.

Arbeidsoppgåver:

  • Rettleiing og registrering av avfall i vekta, inklusiv oppgjer.
  • Rettleiing ovanfor kundar.
  • Sortering av ulike typer avfall.
  • Andre ulike oppgåver knytt til miljøstasjonen og den daglege drifta.

Nødvendige kurs og opplæring vil bli gitt. Ein må kunne vere med ved longopen og laurdagsopen miljøstasjon kvar tredje veke.

Det vert også venta at vedkomande er fleksibel i høve til at stillinga kan bli tillagt andre og/eller nye arbeidsoppgåver og rutinar. 

Vi tilbyr regulerte løns- og arbeidsforhold i eit selskap i utvikling. For stillinga gjeld ordinære tilsettingsvilkår i tråd med lover og reglar og reglement for offentlege tilsette. Det vert trekt 2% til pensjonsordning. 

Vi oppmodar kvinner om å søke på stillinga.

Ved spørsmål om stillinga ta kontakt med Roger Langøy på telefon 94 45 42 33.

Søknad med CV sendast til firmapost@vor.no innan 25.06.22 og merkast med «Søknad på vikariat medarbeidar miljøstasjon».