Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS er heileigd av Volda og Ørsta kommunar og har hovudkontor i Hovdebygda. Selskapet har ansvaret for innsamling, mottak og vidaretransport av avfall frå hushaldningane. Selskapet omsette i 2023 for 49 mill kr og har 20 tilsette.
Arbeidet vil bestå av dagleg innsamling og transport av hushaldningsavfall etter faste rutinar og gitte ruter, samt noko arbeid på våre anlegg. Jobben inneber kommunikasjon med vår koordinator og noko kundekontakt. Ein viktig del av arbeidet er dagleg vedlikehald og ettersyn av bilar og utstyr.
Stillinga er eit engasjement fram til 30.08.25
Kvalifikasjonar:
- Sertifikat klasse C,
- Yrkessjåfør (YSK)
- Relevant Sjåførerfaring
- Meistre norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
- Ein lagarbeidar som også har evne til å arbeide sjølvstendig
- Serviceinnstilt og kundevenleg
- Gode samarbeidsevner
- Nøyaktig og påliteleg
Sertifikat og erfaring knytt til kranbil og hjullastar vil også bli tillagt vekt.
Rett person er positiv, omgjengeleg og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Våre sjåførar opplever ein forutsigbar kvardag med arbeidsstad i kanskje dei vakraste omgjevnadane som Vestlandet har å by på.
Vi tilbyr regulerte løns- og arbeidsforhold i ein bransje i utvikling. For stillinga gjeld ordinære tilsettingsvilkår i tråd med lover og reglar og reglement for offentlege tilsette. Det vert trekt 2% til pensjonsordning.
Ved spørsmål om stillinga ta kontakt med Bjarne Solbakken på telefon 93 60 22 09. Søknad med CV sendast til firmapost@vor.no snarast og seinast 07.11.2024.
Merk meldinga med «Søknad på stilling».
Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande. All handsaming vert behandla konfidensielt.