Personlege eigenskapar:
- Serviceinnstilt; du vert VØR sitt ansikt utad mot kundane
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Strukturert, ryddig og påliteleg
- Gode samarbeidsevner og ikkje redd for å ta eit tak
Kvalifikasjonar:
- Førarkort klasse B
- Meistre norsk munnleg og skriftleg
- Grunnleggjande datakunnskapar
- Gjerne maskinførarbevis (M4)
- Gjerne truckførarkurs
Arbeidsoppgåver:
- Rettleiing og bistand til kundane i miljøstasjonen
- Pakking, klargjering og lasting av ulike avfallsfraksjonar
- Operatør i vekta ved behov
- Rydding og handtering, både manuelt og maskinelt
- Andre ulike oppgåver, både knytt til miljøstasjonen og VØR sitt anlegg på Melsgjerdet, kan verte aktuelt.
Nødvendige kurs og opplæring vil bli gitt. Miljøstasjonen har laurdagsope og langope tysdagane, og du må kunne delta i turnus kvar tredje veke.
Vi tilbyr regulerte løns- og arbeidsforhold i ein spennande bransje med eit viktig miljøoppdrag. For stillinga gjeld ordinære tilsettingsvilkår i tråd med lover og reglar og reglement for offentlege tilsette. Vi oppmodar kvinner om å søke på stillinga.
Ved spørsmål om stillinga ta kontakt med driftsleiar Bjarne Solbakken på telefon 93 60 22 09.
Søknad med CV sendast til firmapost@vor.no innan 29.april og merkast «Søknad på driftsoperatør miljøstasjon».