VØR har kvart år fram til i år sendt ut kalender i posten med oversikt over tømmedagar til alle våre abonnentar. VØR veljar no å ikkje sende ut kalender for 2023, og satsar på meir digitale løysingar. Ved ikkje å sende ut 10.000 kalendrar bidreg vi til å redusere avfallsmengda og sparer også miljøet.  Kvart år ser vi at veldig mange av kalendrane kjem inn igjen som avfall få veker etter vi har sendt dei ut i posten til kundane våre. Og denne mengda har berre auka dei siste åra.

VØR har i nokre år hatt tilbod om varsling av tømmedagar gjennom appen MinRenovasjon, og mange av våre kundar har nytta denne. Dette har vore ein app som dessverre har hatt noko problem med varling av tømmedag for einskilde brukarar, men denne appen er no relansert i ny og betre utgåve. MinRenovasjon er ein gratis app som ein kan laste ned for å oversikt over når det er henting av avfall. Det er også mogleg å aktivere varsling på eit ønska tidspunkt i forkant av hentedag.

MinRenovasjon kan lastast ned her: 

  • iOS – App Store: https://apps.apple.com/no/app/minrenovasjon/id606138819 Android
  • Google Play: https://play.google.com/store/apps/details?id=no.norkart.komtek.renovasjon.client&hl=no&gl=US

I tillegg til appen MinRenovasjon er det også mogleg å søke opp tømmedagar og skrive ut kalender frå nettsida vår www.vor.no.

Vi forstår at enkelte av våre kundar fortsett har behov for å ha ein kalender i papirformat. Dei som har bruk for dette kan ta kontakt med oss på telefon eller e-post, og så får dei tilsendt dette i posten som før.  Dei som tar kontakt i år slepp å ta kontakt åra etter. Dei vil automatisk få tilsendt kalender i posten også neste år.

 

Har ikkje du lasta ned appen?

Kom i gong med MinRenovasjon på 1-2-3:
1. Last ned appen fra Google Play eller App Store. Om du allereie har appen må den oppdaterast til siste versjon.
2. Søk opp **NAMN PÅ KOMMUNE** kommune, og legg til di adresse.
3. Skru på varsling om du ønskjer det.