Gamal EPS skal bli til ny |
Møre og Romsdal fylkeskommune deler kvart år ut miljøpris til nokon som i løpet av året har gjort eit særleg verdifullt arbeid på berekraftig utvikling, klima, forureining m.m.
Kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok tysdag å gi Miljøprisen 2020 til Vartdal Plast AS.Vartdal Plast produserer isolasjons-, emballasje- og konstruksjonsmateriell av EPS. Dette er eit plastprodukt som inneheld mykje luft, på folkemunne kalla isopor.
I oktober opna Vartdal Plast eit nytt gjenvinningsanlegg for EPS på Liadal i Ørsta, og her materialgjenvinner dei innsamla isopor frå miljøstasjonar mellom Trondheim og Bergen, inkludert frå miljøstasjonen til VØR i Hovdebygda. Den innsamla EPS-en vert komprimert, og til slutt smelta til nytt råstoff som igjen blir brukt til å produsere nye plast-produkt. På denne måten bidreg Vartdal plast til å sikre ei meir sirkulær løysing, der bruken av jomfruelig plast blir redusert.
Vi gratulerer Vartdal Plast med miljøprisen 2020!