Nytt styre i VØR

Det nye styret vart valt av representantskapet i april i år. Styret består av leiar Hallvard Bjørneset, nestleiar Dalana-Michelle Storebø, styremedlem Jan Henning Egset, styremedlem Sigrun Heltne Vartdal og dei tilsette sin representant Ove Myklebust. Det nye styret har mykje erfaring, kompetanse og kunnskap som vil vere nyttig for VØR dei komande åra.   

Høg miljøstandard og lågt prisnivå

Denne våren har VØR vore med i ei samanlikning av prestasjonsnivået med andre selskap i avfallsbransjen. På styresamlinga fekk styret og leiinga i VØR presentert rapporten frå dette arbeidet som Energidata Consulting ved Erland Eggen har utført. 

Rapporten viser at VØR har ein svært god miljøstandard samanlikna med dei andre selskapa. Vi nyttar mykje av ressursane som vi har i avfallet til gjenvinning og har difor ein veldig høg materialgjenvinningsgrad. Rapporten viser også at vi har god kundetilfredsheit, god tenestestandard, godt arbeidsmiljø og eit godt prisnivå. Avfallsgebyret til VØR ligg ein del lågare enn mange andre selskap og er det lågaste i Møre og Romsdal. 

Rapporten viser også at VØR må betre utnyttinga av ressursane og kapasiteten på anlegga sine framover og sjå på korleis ein kan jobbe meir rasjonelt og auke systemeffektiviteten. Dette er eit arbeid som ein allereie er godt i gong med.

Utfordrande økonomisk situasjon

VØR kom denne sommaren i ein økonomisk utfordrande situasjon med manglande likviditet. Relativ stor generell prisauke og renteauke i kombinasjon med auka CO2-avgift på forbrenning av avfall, er medverkande årsaker til den økonomisk situasjonen.  I tillegg har forsikringspremiane auka vesentleg for avfallsbransjen. Selskapet hadde og sitt første heile driftsår med eit nytt og moderne omlastingsanlegg på Melsgjerdet i Ørsta i 2023.  Dette har betra ytre miljø, arbeidsmiljø og kvaliteten for selskapet vesentleg.  Den nye lokasjonen har på den andre side ført til at selskapet har auka den langsiktige lånegjelda relativt mykje, i tillegg til at drift av to lokasjonar har måtte tilpassast den nye situasjonen. Styret og administrasjonen har no sterkt fokus på drifta av selskapet generelt, men med spesielt fokus på økonomi på kort og lenger sikt.

Arbeidet vidare

Administrasjonen og styret i VØR vil framover hausten arbeide meir med både kortsiktige og langsiktige tiltak. Strategiplan for 2024-27,  budsjettet for 2025 og ein økonomiplan for åra framover skal handsamast i styret i slutten av september og vidare i representantskapet i slutten av oktober. Deretter blir det sendt vidare til behandling i formannskapa og kommunestyra i eigarkommunane i november/desember.