Strandryddeveka flytta til hausten

Som kanskje fleire har fått med seg, vart den tradisjonelle strandryddeveka, som er kvar vår, flytta til hausten på grunn av covid-19 pandemien. Men dette treng ikkje å bety at det blir rydda mindre avfall. Faktisk er hausten ei fantastisk tid å rydde på, då ein får rydda naturen for avfall som har hamna på avvege etter våren og sommaren. I tillegg unngår vi å forstyrre fuglar i den sårbare hekketida som er på vårparten. I tillegg har vi ein sjanse til å rydde nærområdet vårt før snøven bankar på døra og legg seg over gamle synder.

På Rydde kan du registrere aksjonar og melde frå om forureina områder
På Rydde kan du registrere aksjonar og melde frå om forureina områder

Ryddeportalen

På Hold Norge Rent si side kan ein registrere ryddeaksjonar i den nye portalen "Rydde". Her finn du også oversikt over andre aksjonar i nærområdet du kan melde deg på, eller melde frå om områder som har mykje avfall. Ryddeutstyr får du utdelt hos VØR og Småjobbsentralen i Ørsta kommune. Om du leverer avfallet ditt på miljøstasjonen sjølv, må du hugse å oppgi aksjonskode, kvar du har rydda og kven du/organisasjonen er. 

 

 

Smitteomsyn

Vi minner om at det framleis er viktig å ta omsyn til dei generelle krava om smittevern som til ei kvar tid blir gitt av styresmaktene. Vi har samla nokon råd som gir ein tryggast mogleg ryddeaksjon:

  • Bruk hanskar og vask hendene grundig etter rydding.
  • Hald ein meters avstand til andre som ikkje er i same hushald eller nær slekt.
  • Unngå å rydde i store grupper der ein ikkje klarer å halde ein meters avstand frå kvarandre.
  • Ikkje del pose eller avfallsekk med andre.
  • Utnemn ein som er ansvarleg for å registrere namn og kontaktinformasjon, i tilfelle smittesporing blir naudsynt. Hugs at kontaktinformasjonen til deltakarar skal slettast etter 10 dagar.

Vi håper du blir med på dugnaden!