Avfall som sjølv i små mengder kan gjere stor skade på miljø, menneske og dyr, blir definerte som farlig avfall. Det er viktig at farleg avfall ikke kjem ut i naturen, men blir levert på miljøstasjonen eller mottak, slik at det kan handsamast og prosesserast på ein forsvarleg måte.
Raud boks
I den raude boksen kan du oppbevare farleg avfall og småelektriske artiklar. Denne får du tømt gratis på miljøstasjonen eller ved farleg avfall aksjon på bygdene (2 gongar i året).
JA |
NEI |
Lyspærer/sparepærer | Restavfall |
Olje- og oljeprodukt | Medisinar (til apoteket) |
Røykvarslarar | Dynamitt, patroner og fyrverkeri (tilbake til forhandlar) |
Maling, lim og lakk | Spikar og skruar (metall på miljøstasjonen) |
Mobiltelefonar | Sprøytespissar (pakk godt inn og kast i restavfall) |
Hårfønarar | Tekstilar (UFF,Fileks og Fretex) |
Spraybokser | Syltetøyglass (glasemballasje) |
Batteri | Majonestubar (metallemballasje) |
Kvikksølvtermometer | Keramikk (ikkje- brennbart restavfall) |
Reingjeringsmiddel | Videokasettar (restavfall) |
Toner og blekkpatronar | Malefiller og tørka malekostar (restavfall) |
Større farleg avfall som skal leverast inn til mottak / miljøstasjon er til dømes:
- Måling, lim og lakk
- Olje, oljefilter, oljefiller og andre oljehaldige produkt
- Løysemiddel som white sprite, tynnar, neglelakkfjernar
- Reingjeringsmiddel som t.d. salmiakk
- Bilbatteri og andre oppladbare batteri som t.d. knappecellebatteri
- Trykkimpregnert trevirke (frå feks. terassar)
- Kreosotimpregnert trevirke (telefonstolpar og jerbanesvillar)
- Eternitt (asbesthaldig materiale rundt t.d. oljefyrar og frå tak). Må pakkast i 2 lags plast (tjukkelse 0,2 mm bygningsplast) og teipast godt. Les meir om levering av asbest.
- Isolerglas som innheld farleg avfall
- Norske isolerglas frå 1965-1975 inneheld PCB
- Utenlandske glas produserte til og med 1979
- Isolerglas produserte seinare enn 1975 kan innehalde klorparafinar
- Merk at glas som er merka med “Thermopane” ikkje inneheld PCB.
- Golvbelegg (med ftalat). I vinylbelegg produsert før år 2000.
I tillegg inneheld elektriske- og elektroniske produkt (EE-avfall) farleg avfall. Stoffa er tunge å bryte ned, dei vert lagra lenge i menneske og dyr og kan vere kreftframkallande. Mykje EE-avfall hamnar desverre i restavfallet heime i staden for å bli levert til forsvarleg mottak.
1000 kg farleg avfall pr år
Private hushaldning kan levere inntil 1 000 kg farleg avfall pr år og inntil 500 kg PCB-haldige isolerglas pr år kostnadsfritt.
Eksempel på elektroavfall:
- Kjøleskap og komfyrar
- TV og radio
- Datamaskinar, dataspel, mobiltelefonar
- MP3-spelarar, elektriske tannbørstar, klokker
- Elektriske leiker og blinkesko
- Lysrør og sparepærer
Typisk farleg avfall symbol. Sjå etter desse merka på produktet |
Er du i tvil om avfallet ditt er er farleg?
Slik kastar du farleg avfall
All innlevering av farleg avfall frå private hushaldningar er gratis. Farleg avfall skal så langt som råd leverast i originalemballasje eller merkast med innhald. Pass på at flytande farleg avfall er godt emballert. Du kan levere inn farleg avfall på tre måter:
- På miljøstasjonen
- På innsamling som vi har rundt om i kommunane
- Hos forhandlar
Hos forhandlar
EE-avfall kan du også levere tilbake til forhandlar, enten der du kjøpte vara eller til ein annan butikk som sel same type produkt. Du treng med andre ord ikkje å ha kjøpt vara akkurat der du leverer den inn, og forhandlaren treng ikkje å føre akkurat det merket. Du treng heller ikkje å kjøpe noko nytt når du leverer. Forhandlarar av elektriske- og elektroniske produkt har plikt til å ta imot EE-avfall gratis.