Ina har ein master frå NTNU innan globalisering og berekraftig utvikling og ein bachelor i sosiologi. I masteroppgåva si skreiv ho om "Bruken av differensisert avfallsgebyr og ettersortering i kommunal avfallshandsaming" med casestudie frå Møre og Romsdal.
Ina har vidare tatt eit semester i bachelor utdanninga si i Berkley Cal. USA og arbeida med kommunikasjon og kundekontakt i det internasjonale resirkuleringsselskapet TerraCycle i London, UK.
Ina har såleis god fagleg kunnskap om avfallsfaget og samfunnsoppdraget til avfallsbransjen, med både global og lokal tilnærming.
VØR er glad for å ha fått Ina på laget og ynskjer henne velkomen på VØR.
Petter Bjørdal
Dagleg leiar