VØR arbeider i desse dagar med å styrke likviditeten i selskapet i tett samarbeid med eigarkommunane. Om lag 84% av inntektene som VØR har kjem frå gebyr som abonnentane betalar for tenester knytt til slam og renovasjon. I hovudsak fakturerer VØR abonnentane to gongar i året, om våren og hausten, og dette inneber at inntektene ikkje kjem inn jamt i løpet av året.  I periodane før gebyra vert betalte, er det normalt lite pengar på konto hjå VØR. Diverre kom denne situasjonen tidlegare og tyngre enn det selskapet har erfart tidlegare år.

 

Det er fleire årsaker til at VØR er komen i denne situasjonen no. VØR sin økonomi er basert på sjølvkostprinsippet. Det vil seie at inntektene som VØR har frå gebyra som abonnentane betalar ikkje skal overstige kostnadane det er med tenesta. Sjølvkostprinsippet medfører også at overskot frå tidlegare år skal «betalast tilbake» til abonnentane som tilsvarande underskot dei påfølgande åra. Tidlegare overskot i VØR vert soleis attendeført til abonnentane i 2023 og 2024 gjennom gebyrstrukturen, og det har også tappa likviditeten i selskapet. Det er også utført slamtømming i Volda og Ørsta denne våren, og denne tenesta forskotterer VØR for abonnentane. VØR betalar kostnadane for denne tenesta før vi får inn inntektene frå slamgebyra. 

 

Det nye omlastingsanlegget til VØR på Melsgjerdet har medført svært god avfallshandtering, både i høve til det ytre miljøet og i høve til arbeidsmiljøet for dei som jobbar der. Men VØR er samstundes i ein situasjon der ein relativ stor del av kostnadane går til betaling av renter og avdrag på gjelda knytt til  Melsgjerdet. Driftskostnadane ved det moderande og komplekse anlegget på Melsgjerdet kjem også i tillegg til dei driftskostnadene VØR har  i Hovdebygda. 

 

Anlegget på Melsgjerdet vart sett i drift i september 2022, og VØR har arbeidd mykje for å finne ei god og rasjonell drift av anlegget sidan opninga. Ein har også det siste året arbeidd med å auke inntektene og redusert kostnadane med anlegget. Dette arbeidet blir no intensivert.

 

Styret og dei tilsette i VØR er i god gang med å gjere mange tiltak for å betre på den økonomiske situasjonen. I første omgang vert det gjort kortsiktige tiltak, gjennom at selskapet får auka ramma for likviditetslån i banken. Formannskapa i Volda og Ørsta vil denne veka kome saman for å gjere  formelt rette vedtak om slike lån. Utover hausten og vinteren vil selskapet i tett samarbeid med eigarane jobbe breitt for å betre økonomien i selskapet. VØR har ei nøktern og rasjonell drift i dag, der abonnentane si gode sortering heime og på miljøstasjonen er heilt vesentleg og særs viktig. 

 

Selskapet har eit svært viktig samfunnsoppdrag, og dei overordna måla til renovasjonsselskapa her i landet vert stadig skjerpa. Framover vil VØR vil ha eit sterkt fokus på korleis selskapet kan yte enda betre og meir rasjonelle tenester, samstundes som det økonomiske grunnlaget i selskapet vert styrka.

 

Ved spørsmål eller ytterlegare kommentarar kan desse kontaktast: 

  • Dagleg leiar Hans Peter Eidseflot, tlf 90853634
  • Styreleiar hallvard Bjørneset, tlf 98287866
  • Leiar for representantskapet Inger S Sundnes, tlf 98287838