Vi fekk ein forespørsel frå innbyggarar i Austefjorden, som lurte på om vi kunne komme å halde eit foredrag om riktig kjeldesortering mandag 5. november. Dette syntest vi var eit flott tiltak, og det ville vi så klart stille opp på. Det er kjekt å sjå at folk er engasjerte og ønskjer å kjeldesortere så riktig som mogleg.
Vi takkar for at vi fekk komme til eit slikt hyggelig lag!
På besøk i Austefjorden
Har du opplevd å diskutere med vennar og sambygdingar om kvar ulike produkt skal kastast? Kanskje har de hatt ulike meininga om kva avfallsbeholdar potetgullposen eller eggekartongen skal i?