Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS er heileigd av Volda og Ørsta Kommune, og har hovudkontor i Hovdebygda. Selskapet har ansvaret for innsamling, mottak og vidaretransport av avfall frå hushaldningane.Selskapet omsette i 2020 for 43 mill kr og har 19 tilsette.
VØR søkjer serviceinnstilte personar med førarkort klasse C og YSK (yrkessjåførkompetanse) som kan arbeide på våre renovasjonsbilar ved ferieavvikling og anna fråver.
Nødvendig opplæring vil bli gitt.
Ønska kvalifikasjonar:
- Førarkort klasse C og YSK.
- God orden og evne til å yte service.
- Fleksibel i høve til å takle ulike arbeidsoppgåver.
- Erfaring som sjåfør.
Interesserte kan ta kontakt med driftsleiar Anne Mette Farstad på tlf. 47458134 / 70048600 eller på e-post anne.mette@vor.no