Kvifor er det viktig å sortere ut tekstil?

Tekstilar i restavfallet representerer både eit miljøproblem og eit tap av verdifulle ressursar. Plukkanalyser frå Volda og Ørsta viser at også innbyggjarane her har tekstilar i restavfallet, noko som ikkje berre fører til meir avfall, men også hindrar ressursane i å bli brukt på nytt. Mykje av desse tekstilane er godt brukande klede som kunna gått til ombruk. Når tekstilar vert sortert ut, kan dei anten brukast om igjen, eller dei kan bli materialgjenvunne og brukt i produksjonen av nye produkt. Dette reduserer belastninga på miljøet og gir tekstilane eit nytt liv.

Kva inneber dei nye krava?

Frå 2025 skal øydelagde klede og tekstilar ikkje lenger kastast i restavfallet. Kommunane i Noreg har fått ansvar for å leggje til rette for utsortering av øydelagde tekstil. VØR har eit delegert ansvar for å handtere hushaldningsavfallet i kommunane Ørsta og Volda. Dei nye lovkrava inneber at VØR også skal legge til rette for utsortering av øydelagde tekstil for innbyggjarane i kommunane våre i 2025. 

Kva blir løysinga i kommunane Volda og Ørsta?

Vi i VØR har starta arbeidet med å tilpasse oss dei nye krava, men vi er ikkje klare til å i mot øydelagde tekstil per i dag. Vi og mange andre avfallsselskap her i landet har vore skeptiske til å sortere ut enda ein avfallsfraksjon utan å vere heilt sikker på at det faktisk blir nytta til materialgjenvinning. Det er få fabrikkar  i Europa som kan ta hand om tekstilar til materialgjenvinning, men vi ser no at det er ei utvikling for å finne betre løysingar på dette. Det er viktig for oss at det er tillit til at kjeldesorteringa nyttar, og skrekken for oss er å sortere ut dette for så å måtte sende det som restavfall. 

Vi arbeider med å finne ei god løysing for å kunne ta hand om dei øydelagde tekstilane og er i dialog med ulike aktørar. Planen er å etablere eigne konteinarar for øydelagde tekstilar ved miljøstasjonen, der innbyggjarane kan levere tekstilar til utsortering. Når vi har ei løysing klar og god avsetting på dette vil vi kome med meir informasjon om praksisen. 

Inntil vidare oppmodar vi i VØR at innbyggjarane brukar dei eksisterande innsamlingsboksane i bygdene og ved miljøstasjonen. Her kan ein levere heile, tørre og reine tekstilar, som anten kan bli gå til ombruk eller bli materialgjenvunne. I tillegg er det viktig at ein tenkjer over sitt eige forbruk, kjøper færre klede og bruker kvart klesplagg lenger. Om ikkje du sjølv kan nytte kleda så kan det kanskje syast om eller nokon andre kan ha nytte av dei. 

Kva gjer vi med tilgrisa eller fuktige tekstilar?

I arbeidet med utsortering er det viktig å hugse at ikkje alt kan resirkulerast. Tekstilar som er fuktige, mugne, eller som er tilgrisa med maling, olje eller andre farlege stoff, skal framleis kastast i restavfallet. Dette sikrar at dei ikkje skadar andre tekstilar i innsamlingsprosessen eller reduserer kvaliteten på materialgjenvinninga. Desse tekstilane skal ikkje sorterast ut sjølv om vi har ei løysing på plass for øydelagde tekstil.