I år som i fjor, så får abonnentane våre tilsendt ny renovasjonskalender for det komande året. Vi vil minne om at frå 2019, så skal alle hushald i Volda og Ørsta starte å sortere matavfall.

På grunn av den nye ordninga, og for å få logistikken til å gå opp, så har mange av våre abonnentar fått nye hentedagar i 2019. Vi oppmuntrar derfor alle til å gjere seg kjent med kalenderen og spesielt neste hentedag for restavfall og matavfall etter nyttår.

I konvolutten, så vil du også finne ein splitter ny sorteringsguide som du kan henge opp på kjøleskapet eller i kjøkkenbenken. Denne kan du laste ned her.

 

Sorteringsguide for avfall i hushald