1. Ikkje bland alt i ei mølje

Er alt avfallet blanda i ein miks? Dersom du kjem med alt avfallet ditt i ei mølje er det ikkje berre dumt for gjenvinninga, det skapar óg fare for brann, eksplosjonar, utslepp i naturen - eller at du eller andre skadar seg. 

2. Sorter før du kjem

Gjer unna mesteparten av sorteringa før du kjem på miljøstasjonen. Har du bil og hengar? Sorter det som er gratis å levere i bilen og det som kostar i tilhengar. Prisliste og oversikt over kva du kan levere på miljøstasjonen finn du her. Når du sorterar på førehand går det raskare og enklare å pakke og levere avfallet.

Miljøstasjonen farleg avfall
På miljøstasjonen kan du spørre om hjelp.

3. Pakk og køyr

No er det berre å ta med det sorterte avfallet til miljøstasjonen. På miljøstasjonen har alle typer avfall sin eigen plass og alt skal sorterast riktig. Vi sørgjer for at avfallet blir gjenvunne på best mogleg måte og at miljøgifter blir teke hand om. Er du usikker på kva som skal kor får du hjelp av sorteringsekspertane på miljøstasjonen. God tur!