Du kan levere hageavfall kostnadsfritt til miljøstasjonen heile året. Hugs å tømme hageavfallet ut av sekkane ved levering, hageavfallet må ikkje blandast med plast. Du finn dunkar for plast ved hageavfallet.
Hugs å sikre lasta på veg til miljøstasjonen. Du kan leige hengar for levering av hageavfall og anna avfall med oss (sommarstid).
- Trestammer skal vere under 25 cm på det tjukkaste for å verte definert som hageavfall.
- Sagflis i mindre mengder frå nedknusing av kvist og liknande er hageavfall
- Trerøter, steinheller, pyntesteinar, sand og jord er avfall som skal til deponi og skal leverast som ikkje-brennbart restavfall.
- Svartelista planter skal leverast til forbrenning og må ikkje blandast i lag med hageavfallet. Sjekk oversikt over desse artane her: Fremmedartslista
NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.
JA |
NEI |
Greiner og kvistar |
Hageavfall i sekkar (må tømmast) |
Lauv |
Røter (ikkje-brennbart restavfall) |
Mose |
Jord (ikkje-brennbart restavfall) |
Nedfallsfrukt |
Stein (ikkje-brennbart restavfall) |
Kutterflis |
Grus (ikkje-brennbart restavfall) |
Blomster |
Trestamme over 25 cm diameter (trevirke) |
Høy |
Svartelista planteartar (brennbart restavfall) |