Jenny vann 10.000 kroner

Jenny Caroline Clausen vart nyleg trekt ut som vinnar i Returkartonglotteriet og kan no feire ein premie på 10.000 kroner. For å overrekkje det synlege beviset på gevinsten tok vi turen på førjulsbesøk til den julepynta leilegheita hennar i Ørsta.

«Eg har sortert, skylt, bretta og skrive namn på mjølkekartongar i over 20 år,» fortel Jenny – ein strålande blid og særs fornøgd vinnar.

Gevinsten ved å resirkulere drikkekartong

Kvart år blir om lag 12.000 tonn drikkekartongar gjenvunne i Noreg. Returkartonglotteriet har eksistert sidan 1997, og gjennom konseptet «skyl, brett og stapp» bidreg folk over heile landet. Grønt Punkt Norge trekk kvart år ut 124 vinnarar som deler ein pott på 1,6 millionar kroner.

Drikkekartong er laga av jomfrueleg papir, noko som betyr at materialet er i bruk for første gong. Ein mjølkekartong kan få opptil åtte nye liv framføre seg– til dømes som pizzakartong.

«Å resirkulere brukte kartongar krev langt mindre energi enn å lage nytt papir frå trevirke. Difor er gevinsten stor for miljøet når folk skyl, brettar og leverer kartong i papirdunken»,  forklarer Kari-Lill Ljøstad, ansvarleg for Returkartonglotteriet i Grønt Punkt Norge.

Ein velfortent premie

Det var blant kartongane samla inn av VØR at Jenny vart trekt ut. VØR har ansvar for innsamling av papir, papp og kartong, og trekkjer kandidatar til Returkartonglotteriet frå det som blir samla inn i Ørsta og Volda. 

«Dette er ein veldig kjekk del av jobben vår. Å få dele ut premiar til innbyggjarar som er flinke til å sortere er stor stas. Ekstra kjekt er det når vinnaren har vore trufast deltakar i så mange år,» seier Anne Mette Farstad, kommunikasjonsleiar i VØR.

Slik deltek du i Returkartonglotteriet:

• Alle kan vere med – privatpersonar, bedrifter, organisasjonar, skular, barnehagar og idrettslag.

• Kvart år blir det delt ut 1,6 millionar kroner i premiar: 120 premiar på 10.000 kroner og 4 hovudpremiar på 100.000 kroner.

• Skriv namn og telefonnummer på kartongen, og legg den i papirdunken som blir tømt av VØR.

• Du kan merke både kubbar (6 kartongar stappa i den sjuande) og enkeltkartongar.

• Alle typar drikkekartongar kan leverast: mjølk, kefir, juice, saus, pudding, vin og drikkeyoghurt.

• NB! Hugs å skylje kartongen godt før du legg den i papirdunken.