Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS er heileigd av Volda og Ørsta Kommunar og har hovudkontor i Hovdebygda. Selskapet har ansvaret for innsamling, mottak og vidaretransport av avfall frå hushaldningane. Selskapet omsette i 2020 for 43 mill kr og har 19 tilsette.
Vår tilsett på mottak av farleg avfall skal over i anna arbeid og vi søkjer etter ein ny tilsett til denne stillinga. Har du lyst til å bli vår nye tilsett?
Vi søkjer ein positiv og engasjert medarbeidar som vil ha spesielt ansvar for mottak, rettleiing, sortering og pakking av farleg avfall.
Ønskja kvalifikasjonar:
- Kunne nytte IT som arbeidsverktøy.
- Nøyaktig og ryddig.
- Serviceinnstilt.
- Gode norskkunnskapar (både skrifteleg og munnleg).
- Evne til å sette seg inn i gjeldande lovar og reglar.
- Førarkort klasse B.
Vi oppmodar kvinner om å søkje på stillinga.
Ved spørsmål om stillinga, ta kontakt med Anne Mette
Farstad på telefon 47458134.
Søknad med CV sendast til firmapost@vor.no innan 31.05.21 og merkast med «Søknad på stilling som medarbeidar farleg avfall».