Strandryddeveka flytta til hausten

Vårryddedagen er ei ny kampanje som blir innført for å motivere til ryddeaksjonar før ferdselforbodet og hekketida for fuglar tek til. Vi ser og etter at snøven har forsvunne, at tidlegare synder plutseleg kjem til syne att. Det er dermed ei fin moglegheit til å rydde naturen før våren kjem for fullt.

Den årlege strandryddeveka blir flytta permanent til hausten (september) slik at fuglane får fred på våren. Men dette betyr ikkje at vi ikkje kan rydde andre stadar, vi må berre vere litt obs på kor vi ferdast. VØR tek imot avfall frå ryddeaksjonar heile året rundt. Dersom ein treng ryddeutstyr som hanskar og sekkar, får ein dette på miljøstasjonen i Hovdebygda. 

Vi har bl.a. nyleg fått påfyll av hanskar for born i grunnskulealder!

Sølve og Brage liker dei nye ryddehanskane

Brage og Sølve er godt nøgde med ryddehanskane frå Hold Norge Rent. Desse kan ein også vaske og bruke om att fleire gongar!

Eg vil rydde. Korleis går eg fram?

På nettsida Rydde kan ein opprette eiga aksjon eller melde frå om områder som treng litt ekstra merksemd. Når du opprettar eiga aksjon, får du ei aksjonskode. Denne må du oppgi i vekta på milljøstasjonen når du leverer avfall frå ryddeaksjonar. Dersom du treng hjelp til å opprette ein aksjon, kan vi bidra med dette. Ta då kontakt med oss på epost: firmapost@vor.no.

Dersom du treng hjelp med transport av avfall, kan Småjobbsentralen i Ørsta hjelpe deg med dette. Denne dyktige gjengen arrangerer også fleire ryddeaksjonar gjennom året som ein kan melde seg på. Ein får også utlevert ryddeutstyr her. 

Treng eg å sortere avfallet?

Vi vil veldig gjerne at du skiljer farleg avfall og elektrisk avfall for seg slik at vi får behandla dette forsvarleg. Det same med metall, då dette kan brukast på nytt. Elles vil resten av avfallet gå til forbrenning, der det blir til strøm eller fjernvarme. 

Må eg kun rydde ved ei strand eller sjø?

Nei, sjølv om det heiter strandryddeveka, kan du rydde kvar som helst i naturen og i ditt nærområde der avfall har hamna på gale vegar. Men dersom du kjem over noko som liknar på ei villfylling (ein stad der folk medviten dumpar avfall), kan du kontakte kommunen din, då det er dei som er forureiningsmyndigheit og kan gi pålegg om opprydding. 

Må vi betale for å levere avfall frå ryddeaksjonar?

Nei. Kostnadar knytt til innsamling og behandling av avfall frå ryddeaksjonar får vi refundert med Hold Norge Rent, slik at flinke ryddarar ikkje treng å tenke på kostnadar. Dette gjer også at vi kan sette ut konteinarar i områder der ein finn mykje forureining og får dekt kostnadane med dette. Denne ordninga er tillitsbasert og det er derfor viktig at ikkje anna avfall enn avfall frå ryddeaksjonar blir levert inn.

 

Takk for innsatsen!