Betre opningstider
VØR har vurdert endra opningstider som naudsynt, då noverande opningstider på mini-gjenbrukstasjonen kolliderer med tysdagsope på miljøstasjonen i Hovdebygda. Med ny opningstid vil gjenbrukstasjonen vere tilgjengelig for fleire som har brukt helga på rydde eigedomen og høve betre for dei som har arbeidsdag som endar kl.16.00.
Hornindal, Bjørke og Austefjord
På mini-gjenbrukstasjonen har abonnentar i Hornindal, samt Bjørke og Austefjord, høve til å levere blanda restavfall, metall, papp/papir og plastemballasje, i tillegg til å tømme raudboks for småelektrisk- og farleg avfall. Stasjonen tek også imot mindre bitar av impregnert trevirke.
Hageavfall, kvitevarer, større mengder impregnert trevirke, asbestmateriale, isolasjon og gips må ein levere på miljøstasjonen i Hovdebygda. Prisliste for levering av avfall på mini-gjenbrukstasjonen og miljøstasjonen finn ein på nettsida vår vor.no.