VØR innfører nye koronatiltak for å redusere smittefaren for besøkande og tilsette. Vi har eit viktig samfunnsoppdrag vi skal utføre, og treng derfor di hjelp for å ta vare på våre medarbeidarar, slik at avfallsinnhentinga kan gå som normalt. Renovasjon er ein av dei samfunnskritiske funksjonane for å unngå problem med lukt, skadedyr og potensielle smitteproblem, når avfall ikkje lengre blir henta inn og behandla.
Vi ynskjer å verne om risikogrupper, våre tilsette og samstundes oppretthalde tilbod om avfallshenting og levering av avfall til våre innbyggjarar. Dette betyr:
- Avfallshentinga held førebels fram som vanleg.
Men vi ønskjer at du tek deg ein grundig handvask både før du trillar fram dunken og etter at du har trilla han tilbake. Vi rådar alle til å vaske dunken etter tømming.
- Administrasjonsbygget vil vere stengt for besøkande (utvida telefontid).
Vi har mindre bemanning enn normalt. For å redusere smittefaren ber vi om at innbyggjarane heller tek kontakt med oss på telefon (70048600), e-post firmapost@vor.no, eller på Facebook-sida vår. Som eit tiltak utvidar vi telefontida vår til kl. 10.00-14.00.
- Redusert opningstid på miljøstasjonen i Hovdebygda og regulering av trafikk.
Nye opningstider blir måndagar (08.00-15.30), Tysdagar (16.00- 19.00) og fredagar (08.00-15.30).
Minigjenbrukstasjonen på Grodås vil framleis halde ope måndagar (16.00-18.00). Ved stor pågang på miljøstasjonen i Hovdebygda kjem vi til å avgrense kor mange som får kome inn samtidig. Det er viktig med god handhygiene, samt avstand til andre besøkande og tilsette. Det er sett fram handsprit i vektbuda og miljøstasjon som ein kan nytte seg av før og etter besøk. Ved betaling av avfall er kun bankkort tillate. Personar som er satt i karantene eller kjenner på symptom, ber vi om å halde seg heime i tråd med råda frå helsestyremaktene.
Vi kjem fortløpande med ny informasjon.