Vi søkjer ein person som har sertifisert opplæring på masseforflytningsmaskiner (maskinførar) til drift og vedlikehald av anlegget vårt på Melsgjerdet.

Stillinga inneber lasting av avfall som skal vidare til behandling, reinhald og vedlikehald av maskiner og utstyr, sortering og komprimering av avfall.

 

Kvalifikasjonar:

  • Maskinførarbevis (M4)
  • Truckførarkurs
  • Meistre norsk munnleg og skriftleg
  • Grunnleggjande datakunnskap

 

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Strukturert og ryddig
  • Gode samarbeidsevner
  • Nøyaktig og påliteleg

 

Det vert også venta at vedkomande er fleksibel i høve til at stillinga kan bli tillagt andre og/eller nye arbeidsoppgåver og rutinar. 

Vi tilbyr regulerte løns- og arbeidsforhold i eit selskap i utvikling. For stillinga gjeld ordinære tilsettingsvilkår i tråd med lover og reglar og reglement for offentlege tilsette. Det vert trekt 2% til pensjonsordning. 

Ved spørsmål om stillinga ta kontakt med Ove Myklebust på telefon 94454233.

Søknad med CV sendast til firmapost@vor.no innan 16.01.23 og merkast med «Søknad på stilling som driftsoperatør».