Visste du at alle våre abonnentar kan få ein storleik større papirdunk enn restavfallsdunk heilt kostnadsfritt? Dette kallar vi eit plussabonnement.

 

Det betyr at om du har ein standard 140 liters restavfallsdunk, så kan du få ein 240 liters papirdunk.

På same måte, har du ein 240 liters restavfallsdunk, så kan du få ein 360 liters papirdunk.

Om du ynskjer ein større papirdunk, ta kontakt med oss på mail: firmapost@vor.no eller bestill via nettsida vår.

Vi minner også om at alle våre abonnentar kan levere så mykje papp,papir og plastemballasje dei ynskjer, gratis på miljøstasjonen.

 

Velkomne skal de vere!