Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) og Retura Søre Sunnmøre (RSS) samarbeider med grendalaga med ryddigare bygder som mål. Vi plasserer ut ein container for skrapjern/metall og ein for
elektrisk avfall/kvitevarer i kvar bygd. Desse står tilgjengeleg ei veke og blir bytta etterkvart som dei blir fulle

Reine og ryddige bygder er trivelege både for fastbuande og tilreisande. I dag ligg det for mykje rot og skrot rundt om i natur- og kulturlandskapet. Feil handtering og brenning av avfall er kjelde til fleire miljøproblem, og kan føre til utslepp av klimagassar, tungmetall og andre miljøgifter.
Det er difor veldig viktig at avfallet vert sortert og handtert rett. Eitt av måla med denne aksjonen er at ein ved hjelp av god informasjon og merking skal sikre at ting hamnar på rett plass.

Avfall i kulturlandskapet

• Skjemmande for nærmiljøet
• Risikabelt for folk og dyr
• Dårleg reklame når det gjeld å lokke nye innbyggarar og turistar
til bygda.
Ei av årsakene til at ting vert liggande, er at det er tungvint og kostbart å frakte vekk skrotet. Med dette samarbeidet ynskjer vi å gjere
oppryddinga enklare og rimelegare. Dette er i utgangspunktet eit
tilbod til dei som bur på bygdene og har lang veg til miljøstasjonen.

Kontainer for metall og elektrisk avfall

Vi har stort fokus på å unngå feilsortering. Det er kun metall og elektrisk avfall som skal i containerane, ikkje farleg avfall eller restavfall. Vi minner om godt lagspel i alle bygder, slik at vi kan halde fram med denne ordninga.