Bygderyddinga er eit samarbeid mellom VØR (Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS), Retura Søre Sunnmøre og bygdelaga rundt om i kommunen. VØR og Retura Søre Sunnmøre set ut ein konteiner for metall og skrapjern, og ein eigen konteiner for elektrisk avfall og kvitevarer i kvar bygd som deltek.
Dette kan du levere under bygderyddinga
Elektrisk avfall og kvitevarer – Leverast i eigen konteiner:
- Komfyrar, oppvaskmaskiner og vaskemaskiner
- Kjøleskap og frysarar
- TV-ar, PC-ar og anna elektronikk
- Leidningar, småapparat og liknande
Metall og skrapjern – Leverast i eigen konteiner:
- Jern og metallgjenstandar
- Syklar, rekkverk, røyr, vedomnar
- Anna metallskrap (ikkje bygningsavfall eller farleg avfall)
Det er viktig å merke seg at det ikkje er tillate å levere restavfall, trevirke, bygningsmaterialar, hageavfall, bildekk, møblar eller farleg avfall i konteinerane.
Denne våren kjem vi til desse bygdene i Ørsta kommune:
| Bygd | Dato |
| Follestaddalen | 22.04 - 28.04 |
| Standal | 22.04 - 28.04 |
| Barstadvik | 28.04 – 05.05 |
| Nordre Vartdal | 28.04 – 05.05 |
| Bjørdalen | 05.05 - 12.05 |
| Bondalen | 05.05 - 12.05 |
| Øye | 05.05 - 12.05 |
| Urke | 05.05 - 12.05 |
| Åmdal | 19.05 – 26.05 |
| Vatne | 19.05 – 26.05 |
Volda får bygderydding etter ferien
For innbyggjarane i Volda kommune kjem bygderyddinga etter sommarferien. Også der vert det sett ut konteinerar for metall/skrapjern og elektrisk avfall/kvitevarer i samarbeid med VØR og Retura Søre Sunnmøre. Nærare informasjon om tidspunkt og plasseringar vert kunngjort når det nærmar seg.
