Sekkar til plast

Det vert levert ut sekkar til plastemballasje ein gong i året. Dersom du treng fleire, kan du bestille her.

Posar til matavfall

Det vert levert ut posar til matavfall ein gong i året. Dersom du treng fleire, kan du bestille her.

Ekstrasekkar til restavfall

Du kan kjøpe ekstrasekkar til restavfall som er merka med logoen til VØR. Desse kan settast fram ved sidan av dunken på hentedag. Sekkane må ikkje vege meir enn 20 kg. Avfall som ikkje må leggast i sekkane: hageavfall, flytande avfall, jarn, glas, elektronisk avfall, bygningsavfall, farleg avfall, eksplosivt avfall eller gift. Ekstrasekkane har ei avgift som dekkjer kostnader for transport og behandling. Sjå prisar her.