Bygderyddinga er eit samarbeid mellom VØR (Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS), Retura Søre Sunnmøre og bygdelaga rundt om i kommunen. VØR og Retura Søre Sunnmøre set ut ein konteiner for metall og skrapjern, og ein eigen konteiner for elektrisk avfall og kvitevarer i kvar bygd som deltek.

Dette kan du levere under bygderyddinga

Elektrisk avfall og kvitevarer – Leverast i eigen konteiner:

  • Komfyrar, oppvaskmaskiner og vaskemaskiner
  • Kjøleskap og frysarar
  • TV-ar, PC-ar og anna elektronikk
  • Leidningar, småapparat og liknande

Metall og skrapjern – Leverast i eigen konteiner:

  • Jern og metallgjenstandar
  • Syklar, rekkverk, røyr, vedomnar
  • Anna metallskrap (ikkje bygningsavfall eller farleg avfall)

Det er viktig å merke seg at det ikkje er tillate å levere restavfall, trevirke, bygningsmaterialar, hageavfall, bildekk, møblar eller farleg avfall i konteinerane.

Denne våren kjem vi til desse bygdene i Ørsta kommune: 

BygdDato
Follestaddalen22.04 - 28.04
Standal22.04 - 28.04
Barstadvik28.04 – 05.05
Nordre Vartdal28.04 – 05.05
Bjørdalen05.05 - 12.05
Bondalen05.05 - 12.05
Øye05.05 - 12.05
Urke05.05 - 12.05
Åmdal19.05 – 26.05
Vatne19.05 – 26.05

 

Volda får bygderydding etter ferien

For innbyggjarane i Volda kommune kjem bygderyddinga etter sommarferien. Også der vert det sett ut konteinerar for metall/skrapjern og elektrisk avfall/kvitevarer i samarbeid med VØR og Retura Søre Sunnmøre. Nærare informasjon om tidspunkt og plasseringar vert kunngjort når det nærmar seg.