Ved bygderydding set Retura ut ein konteiner for elektrisk avfall og kvitevarer, og ein konteiner for metall/skrapjern i bygdene som er med på ordninga. Desse står så tilgjengeleg for levering av metall og elektrisk avfall ei veke for bygdefolket.
Denne våren vil vi vere i desse bygdene følgjande datoar:
- 05.04-12.04: Standal Grendalag og Trandal
- 06.04-13.04: Lauvstad og Velsvika
- 12.04-19.04: Barstadvik og Nordre Vartdal
- 13.04-22.04: Steinsvik og Dravlaus
- 19.04-26.04: Sæbø og Bondalen
- 20.04-27.04: Folkestad og Dalsbygda
- 26.04-03.05: Øye og Urke
- 27.04-04.05: Bjørkedal og Straumshamn
- 03.05-10.05: Bjørdalen og Follestaddalen
- 04.05-11.05: Fyrde og Høydalen
- 10.05-18.05: Åmdalen og Vatne
- 11.05-18.05: Kalvatn og Bjørke
- 18.05-25.05: Liadal, Hjartåbygda, Lid og Mork
- 24.05-31.05: Hornindal
- 25.05-31.05: Vikebygda
Vi har eit sterk fokus på å unngå feilsortering i konteinarane som står ute på bygdene. Dette fordi feilsortering med til dømes restavfall og farleg avfall fører til høge kostnadar og kan føre til farlege situasjonar for sjåfør og tilsette som skal sortere konteinarane når dei kjem inn på anlegget i Hovdebygda. Ved alvorleg feilsortering kan bygda der avviket oppstod miste tilbodet om bygderydding. Det er viktig at bygdefolket spelar på lag med oss, slik at vi kan halde fram med å tilby denne ordninga også i åra som kjem.
Kvar vår etter bygderydding køyrer vi også ei eiga runde med baklastar og hentar inn grovavfall heime hjå abonnentar på bygdene. Dette er ei bestillingsordning der ein må melde seg på ved å ta kontakt med Retura Søre Sunnmøre.
Har du større mengder metall, elektrisk avfall eller grovavfall, kan det vere ei betre løysing å bestille eigen konteiner heim til deg.
Dersom du er usikker på korleis du skal sortere avfallet, kan du ta kontakt med VØR eller Retura Søre Sunnmøre. Du kan også nytte nettsida www.sortere.no