Er du vår nye sjåfør?

Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS er heileigd av Volda og Ørsta Kommunar og har hovudkontor i Hovdebygda. Selskapet har ansvaret for innsamling, mottak og vidaretransport av avfall frå hushaldningane. Selskapet omsette i 2019 for 36 mill kr og har 18 tilsette.

Vi søkjer ein person med sertifikat klasse C, krankurs G8 og ADR. Stillinga inneber arbeid på renovasjonsbil og på VØR sine anlegg.

Kvalifikasjonar:

  • Sertifikat klasse C
  • Kranførarbevis G8
  • ADR
  • Oppdatert kompetansebevis som yrkessjåfør
  • Meistre norsk munnleg og skriftleg

 

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Serviceinnstilt og kundevenleg
  • Gode samarbeidsevner
  • Nøyaktig og påliteleg

 

Det vert også venta at vedkomande er fleksibel i høve til at stillinga kan bli tillagt andre og/eller nye arbeidsoppgåver og rutinar. 

Vi tilbyr regulerte løns- og arbeidsforhold i eit selskap i utvikling. For stillinga gjeld ordinære tilsettingsvilkår i tråd med lover og reglar og reglement for offentlege tilsette. Det vert trekt 2% til pensjonsordning. 

Ved spørsmål om stillinga ta kontakt med Anne Mette Farstad på telefon 47458134.

Søknad med CV sendast til firmapost@vor.no innan 15.03.20 og merkast med «Søknad på stilling som sjåfør».