§ 1: Namn og eigarar:

Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS er eit interkommunalt selskap, eigd av Volda og Ørsta kommunar med ein halvdel kvar, og oppretta i medhald av lov av 29.01.99, nr. 6, om interkommunale selskap.

 

Andre kommunar kan takast opp i selskapet. Vedtak om dette må gjerast av kommunestyra i Volda og Ørsta, etter at representantskapen og selskapet sitt styre har uttala seg om saka.

§ 2: Rettsleg status:
Selskapet er eige rettssubjekt, som skal registrerast i Foretaksregisteret. Styret har arbeidsgjevaransvaret.

§ 3: Hovudkontor:
Selskapet har hovudkontor i Hovdebygda i Ørsta kommune.

§ 4: Formål:
Selskapet har til formål:
I. Å eige, bygge og drive behandlingsanlegg for avfall og slam, herunder transport av avfall og slam til forbrenning/deponering.
2. Å drive med innsamling, sortering og transport av avfall og slam. Selskapet har høve til å konkurrere om innsamling og mottak av næringsavfall.
3. Å anlegge og drive fyllplass for grovavfall og eventuelt restavfall frå behandlingsanlegg.
4. Å administrere mottak og vidaresending av spesialavfall.
5. Å bygge og drive distribusjonsnett for varmt vatn for sal, dersom det kan betre driftsresultatet.

Selskapet kan også ta på seg andre oppgåver, som deltakarkommunane vert samde om.

Selskapet kan inngå samarbeidsavtalar med kommunar, andre selskap og verksemder. Selskapet kan delta på eigarsida i andre selskap, når dette ligg innafor dei rammer kommunelova/forskrifter gjev for kommunen si deltaking i selskap/forretningsdrift.

§ 5: Tilsynsmynde etter forureiningslova:
Volda og Ørsta Reinhaldsverk skal ikkje ha tilsynsmynde etter forureiningslova, § 48.

§ 6: Val og samansetjing av representantskapen:
Representantskapen skal ha 8 medlemer med personlege varamedlemer. Kommunestyra i deltakarkommunane vel kvar for seg like mange medlemer og varamedlemer.

Representantskapen vel sjølv leiar og nestleiar.

Dagleg leiar kan ikkje veljast til medlem i representantskapen.

Representantskapen vert valt for 4 år. Valperioden følgjer kommunestyrevalperioden. Medlemane i den første representantskapen etter oppretting av selskapet vert valt for attverande del av valperioden.

I valperioden kan kommunestyra kvar for seg skifte ut ein eller fleire av sine medlemer i representantskapen for attverande del av valperioden.

§ 7: Representantskapen sine oppgåver og møte:
Representantskapen skal:
1. Vedta årsmelding og rekneskap.
2. Vedta årsbudsjett med rammer for låneopptak.
3. Vedta økonomiplan for dei komande 4 åra.
4. Vedta overordna mål og retningsliner for drifta.
5. Velje styre, med leiar og nestleiar.
6. Velje revisor.
7. Fastsetje møtegodtgjersle til medlemene i representantskapen og til styremedlemene.
8. Gjere vedtak i andre saker, som er nemnt i innkallinga.

Representantskapen sin leiar kallar inn til møte i representantskapen, når det er nødvendig for handsaming av sak(er), som etter lova, og/eller selskapsavtalen skal handsamast av representantskapen, eller når styret, revisor, ein av deltakarkommunane, eller minst ein tredel av representantskapen sine medlemer krev det.

Innkallingsfristen er 2 veker, men kan vere kortare, dersom det er heilt naudsynt. Innkallinga skal innehalde sakliste. Sak(er), som ikkje er nemnt i innkallinga, kan berre handsamast, dersom alle møtedeltakarane samtykkjer.

Møta er opne og saksdokumenta er offentlege, med mindre lova om offentleggjering har reglar som hindrar dette.

Dersom leiar og nestleiar er fråverande, skal det veljast ein møteleiar.

Vedtak vert gjort med vanleg røystefleirtal. Ved likt røystetal er møteleiaren si røyst avgjerande.

Ved val gjeld reglane i kommunelova, § 38.

Styreleiaren og dagleg leiar har plikt til å møte og rett til å uttale seg.

Det skal førast protokoll, som skal underskrivast av møteleiaren og to medlemer, som skal veljast, når møtet tek til.

Medlemer av representantskapen, styreleiaren og dagleg leiar har rett til å få sitt syn på ei sak jamført i protokollen.

§ 8: Val og samansetjing av styret:
Styret skal ha 5 medlemer med personlege varamedlemer, medrekna ein representant for dei tilsette.

Dei 4 andre styremedlemene og deira personlege varamedlemer vert valde av representantskapen for 2 år. Representantskapen vel og leiar og nestleiar i styret. Eigarane skal ha 2 styremedlemer kvar.
Representantskapsmedlemer og dagleg leiar kan ikkje veljast.

§ 9: Styret sine møte og oppgåver:
Styreleiaren kallar inn til møte, så ofte som det trengst med rimeleg innkallingsfrist.
Styremedlem og dagleg leiar kan krevje styremøte. Dagleg leiar har, om ikkje styret for det
einskilde tilfelle vedtek noko anna, rett og plikt til å vere til stades og til å uttale seg. Leiaren
i representantskapen har møte- og talerett i styret.

Styret kan gjere vedtak når minst 3 medlemer er til stades.

Dersom styreleiaren og nestleiaren er fråverande, skal styret velje ein møteleiar.

Møta er opne, og saksdokumenta er offentlege, med mindre lova om offentleggjering har reglar som hindrar dette.

Styret gjer vedtak med vanleg fleirtal. Ved likt røystetal, er møteleiaren si røyst avgjerande. Representanten for dei tilsette har ikkje røysterett i saker som gjeld tilhøvet mellom styret som arbeidsgjevar og dei tilsette i verksemda.

Det skal førast protokoll, som skal underskrivast av dei styremedlemene som er med på vedkomande møte. Styremedlem eller dagleg leiar kan, dersom dei er usamde i styrevedtak, krevje å få si meining innført i protokollen.

Styret har ansvaret for tilfredsstillande organisering av selskapet si verksemd, og skal sjå til at verksemda vert driven i samsvar med selskapet sitt formål, vedtektene (selskapsavtalen), årsbudsjett og andre vedtak og retningsliner fastsette av representantskapen. Styret skal og syte for at bokføring og formuesforvaltning skjer på ein trygg måte.

Styret fører tilsyn med dagleg leiar si leiing av verksemda.

Styret gjer vedtak om å ta opp lån, innafor dei rammer, som er fastsette i årsbudsjettet. Styret har tilsetjingsmynde for alle stillingar i verksemda. Styreleiar eller ved fråver nestleiar teiknar saman med dagleg leiar firmaet til selskapet.

§ 10: Dagleg leiar:
Selskapet skal ha ein dagleg leiar, som skal følgje dei retningsliner og pålegg styret har gitt. Dagleg leiar kan ikkje avgjere saker av uvanleg art, eller som er svært viktige for verksemda, med mindre styret har gjeve han fullmakt til det. Er det ei vesentleg ulempe for selskapet si verksemd å vente på styrevedtak, kan dagleg leiar avgjere saker, som nemnt her. I så fall skal styret underrettast snarast mogleg.

Dagleg leiar har ansvaret for sekretærfunksjonen for styret.

§ 11: Ugildskap:
For selskapet sine tilsette og medlemer i selskapet sine styreorgan gjeld kommunelova, § 40 nr. 3, ved vurdering av spørsmål om ugildskap.

§ 12: Låneopptak:
Styret kan ta opp lån til kapitalformål og til konvertering av eldre gjeld innanfor ei samla ramme på inntil 130 mill. kroner.

Lån til einskildprosjekt skal godkjennast av eigarkommunane, dersom vedkomande lån er på 33 mill. kroner eller meir.

Styret kan og ta opp lån til likviditetsformål innanfor ei ramme på 10 mill. kroner. Likviditetslån må gjerast opp før rekneskapsavslutninga for vedkomande år, med mindre lånet er tatt opp for å dekkje underskot, som ifølgje selskapets økonomiplan skal dekkjast over fleire år.

Selskapet sine eignelutar kan pantsetjast som trygd for lån.

Denne paragrafen vart endra ved kommunestyrevedtak 05.11.20 i Ørsta kommune og 26.11.20 i Volda kommune. 

§ 13: Fastsetjing og innkrevjing av avfallsgebyr:
Monopoldelen av selskapet si verksemd skal vere sjølvfinansierande og dekkjast av avfallsgebyr. Representantskapen fremjer forslag om gebyrsatsar for neste år, før selskapet sitt budsjett vert endeleg vedtatt. Kommunestyra i deltakarkommunane vedtek avfallsgebyra. Styret har ansvar for at avfallsgebyra vert kravd inn.

§ 14: Rekneskapsforing:
Selskapet sin rekneskap skal førast i samsvar med rekneskapslova.

§ 15: Oppseiing av avtalen, avvikling av selskapet:
Ein deltakarkommune kan seie opp avtalen med eit års skriftleg varsel og krevje seg utløyst av selskapet. Utløysingssummen skal i så fall fastsetjast til eigardelen sin netto verdi ved utløpet av oppseiingsfristen. Dersom denne netto verdien er negativ, må vedkomande deltakarkommune betale den negative verdien til selskapet.

Representantskapen, eller attverande deltakarkommune, kan leggje spørsmålet om å godta at den andre deltakarkommunen går ut av selskapet fram for departementet innan ein månad etter at oppseiing er mottatt.

Selskapet kan avviklast, dersom deltakarkommunane er samde om det. Kommunestyra i deltakarkommunane gjer sjølv vedtak om dette. Avviklinga skal skje på den måten, som er fastsett i lov om interkommunale selskap, § 34.

§ 16: Tvist om forståing av avtalen:
Tvist eller tvil om forståing av selskapsavtalen vert avgjort med bindande verknad av ei voldgiftsnemnd, der kvar deltakarkommune oppnemner ein medlem og sorenskrivaren på Søre Sunnmøre oppnemner leiaren.

§ 17: Andre reglar:
Lov om interkommunale selskap av 29. januar 1999, nr. 6, gjeld fullt ut i tillegg til denne avtalen. Ved eventuell motstrid mellom avtalen og nemnde lov, gjeld lova framom avtalen.

Vedtekne i Ørsta Kommunsetyre i sak 75/17
Vedtekne i Volda Kommunestyre i sak 110/17