Matavfall

Matavfall skal samlast opp i grøne matavfallposar som du kan bestille med VØR. Matavfallet vert henta kvar 14. dag og sendt vidare til Mjøsanlegget i Lillehammer for biogass produksjon.

Eksempel på kva du kan kaste i matavfallsdunken:  

 

Ja

Nei

Matrestar Hundeposar (restavfall)
Frukt og grønnsaker Blomster og hageavfall
Kaffegrut og filter (Våt) servietter (restavfall)
 Teposar Matemballasje
Skalldyr og eggeskal  
Småbein  
Tørkepapir med matrestar  
Bleier  

Plastemballasje

Plast er eit oljebasert materiale. Når du leverer rein og tørr plastemballasje til gjenvinning, er du med på å sikre dei viktige og verdifulle råstoffa som blir brukt i produksjon av nye varer.

Plastemballasjen må vere rein og tom for å kunne brukast til gjenvinning. Då legg vi også til rette for gode hygieniske forhold for dei som arbeider i gjenvinningskjeda.

Skyl skiten plast i kaldt vatn og la vatnet renne av før levering. Bruk gjerne oppvaskbørste på vanskelege flekkar - går ikkje dette, gjer plasten betre nytte i restavfallet. Legg plasten laust i sekken utan å pakke emballasjen opp i kvarandre. Hugs å knyte sekken godt igjen ved levering.

Plastemballasjen blir samla inn kvar fjerde veke i eigen sekk, saman med papir. Plastsekken skal opp i papirbehaldaren. Vi leverer ut sekkar til plastemballasje èin gong i året. Treng du fleire, bruk bestillingsskjema for plastrullar. Bruk ikkje andre sekkar til plastemballasje enn dei du får med VØR. Sekkane skal heller ikkje brukast til andre ting enn plastemballasje.

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.

JA

NEI

Plastfolie Hagemøbler (restavfall)
Sjampoflasker Leiker av plast (restavfall)
Ostepakkar Bøtter (restavfall)
Rømmebeger Hageslangar (restavfall)
Bæreposar Skiten plast (restavfall)
Vaskemiddelflasker Kulepennar (restavfall)
Blomsterpotte i plast Tome oljekanner (restavfall)
Kaffiposar (utan aluminiumsbelegg) Isopor (pris per kubikk)
Suppeposar (utan aluminiumsbelegg) Tome malingsspann (restavfall)
Potetgullposar (utan aluminiumsbelegg) Vedsekkar (restavfall)
Plastposar Strappeband (restavfall)
  Presenningar (restavfall)
  Badebasseng (restavfall)
  Pillebrett (restavfall)
  Skumgummi og andre gummiprodukt (restavfall)

 

Papp og papir

I papirdunken kan du ha både papp, papir og tome drikkekartongar. Slik blir avfallet ditt til nye papp- og papirprodukt. Pass på at papiret er reint og utan matrestar.

Drikkekartongar

  • Skyl og tørk drikkekartongane
  • Merk kartongane med namn og telefonnummer
  • Legg kartongane eller kubbane direkte i papirbehaldaren

For å delta i Returkartonglotteriet må kartongen vere merka med namn og telefonnummer. Ein kartong er med i trekninga på 10 000 kr. Dersom du pakkar 6 kartongar i den 7 ande, er du med i trekning både på 10 000 kr og 100 000 kr. Korker kan vere på og kartongane kan gjerne stikke opp. Les meir på Grønt Punkt, Returkartonglotteriet.

Det er viktig å unngå feilsortering. Restavfall i papiret kan øydeleggje kvaliteten på resten av det innsamla papiret. Dersom du er usikker, kastar du papiret i restavfallet. Her er nokre døme på kva som skal og ikkje skal i papirdunken.

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall

JA

NEI

Aviser Farleg avfall
Pizzaøskjer Elektrisk avfall
Drikkekartongar Trevirke
Vekeblad Serviettar (restavfall)
Bølgepapp Tørkepapir (restavfall/matavfall)
Bøker m. mjuk perm Matpapir (restavfall)
Reklametrykksaker Suppeposar (restavfall/plast)
Pappøskjer Gåvepapir (restavfall)
Papirark Julepapir (restavfall)
Eggekartongar Bøker hard perm (restavfall)
  Hageavfall

Restavfall (leverast på miljøstasjonen)

Restavfall er det du sit att med etter at du har sortert. Døme på kva type restavfall du kan levere på miljøstasjonen ser du under.

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall
 

JA

NEI

Sofa Mjuke leiker (tekstilar/kle)
Fliser (deponi) Hagemøblar i tre (trevirke)
Keramikk (deponi) Tome målingsspann av metall (metall)
Porselen (deponi) Bildekk utan felg (gummi)
Eldfaste former (deponi) Bøker mjuk perm (papir)
Drikkeglas (deponi) Sykkel (metall)
Gips Barnevogn (metall)
Isolasjon Bilsete (metall)
Tapet Parkett (trevirke)
Tome målingsspann i plast Tarkett (trevirke)
Tørre målepenslar og filler Badekar (metall)
Julepapir  
Gåvepapir  
Asfaltplater  
Bildekk med felg  
Bøker med stiv perm  
Barnesete  
Hagemøblar i plast  
Harde leiker  
Eingongsgrillar  
Golvbelegg (utan ftalat)  
Laminat  
Huntonittplater  
Presenningar  
Badebasseng  
Vedsekkar  
Strappeband  
Isopor (pris pr kubikk)  
Pillebrett  
Skumgummi  
Andre gummiprodukt  

 

Farleg avfall

Farleg avfall inneheld helse- og miljøskadelege stoff, og må difor ikkje blandast saman med anna type avfall. Farleg avfall er avfall som sjølv i små mengder kan gjere stor skade på menneske og dyr dersom det kjem ut i naturen. 

Sortere farleg avfall:

Det er viktig at farleg avfall ikke kjem ut i naturen, men blir levert på miljøstasjonen eller mottak, slik at det kan handsamast og prosesserast på ein forsvarleg måte.

All innlevering av farleg avfall frå private hushaldningar er gratis. Farleg avfall skal så langt som råd leverast i originalemballasje eller merkast med innhald. Flytande farleg avfall må emballerast godt. Du kan levere inn farleg avfall på to måter:

- På miljøstasjonen
- Hos forhandlar

Raud boks: Alle husstandar har fått ei raud boks til sortering av farleg avfall og småelektrisk. Denne kan du få tømt på miljøstasjonen. Det vil også vere innsamling av desse boksene rundt om i kommunane to gangar i året.

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall 

 

Ja

Maling
Lim og lakk
Beis
Sprayboksar
Olje og oljeprodukt
Spillolje
Bensin
diesel og parafin
Løysemiddel
Bilbatteri
Brannslukkingsapparat
Bilpleiemiddel
Golvbelegg m/ftalatar
Asbest
Impregnert trevirke
Kjemikaliar
Sparepære
Lysrør
Reingjeringsmiddel
Vindauge PCB og klorparfin
Vindauge/dør med bly
Toner og blekkpatronar
Kvikksølvtermomter
Sterke syrar
baser og lut
Plantevernmiddel
Ugrasmiddel
Motorrens

Nei

Tome malingsspann metall (metall)
Tome malingsspann plast (restavfall)
Tørka malarkostar (restavfall)
Malefiller (restavfall)
Videokassettar (restavfall)
Sement (restavfall)
Asfaltplater (restavfall)
Asfaltpapp (restavfall)
Keramikk (restavfall)
Sprøytespissar (restavfall)
Medisinar (Apoteket)
Patroner og fyrverkeri (Politiet)
Dynamitt (Politiet)
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Elektrisk og elektronisk avfall

Elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) inneheld miljøgifter og må difor handsamast på ein forsvarleg måte. Alt som har ledning eller batteri er EE-avfall. EE-avfall frå private hushaldningar kan leverast gratis på miljøstasjonen.

Hos forhandlar
EE-avfall kan du også levere tilbake til forhandlar, enten der du kjøpte vara eller til ein annan butikk som sel same type produkt. Du treng med andre ord ikkje å ha kjøpt vara akkurat der du leverer den inn, og forhandlaren treng ikkje å føre akkurat det merket. Du treng heller ikkje å kjøpe noko nytt når du leverer. Forhandlarar av elektriske- og elektroniske produkt har plikt til å ta imot EE-avfall gratis.

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.

Ja

Batteri
Lamper
CD-spelar
Klokke
Hårfønar
Mobiltelefon
Datautstyr
Røykvarslar
Kjøkenmaskin
Kjøleskap
Frysar
Steikeomn
Mikrobølgeomn
Oppvaskmaskin
Vaskemaskin
Tørketrommel
Varmeomn
Varmepumpe
Blinkesko
Leiker med batteri
Lyspærer

Nei

Bilbatteri (farleg avfall)
Bildelar (metall)
CD/DVD (restavfall)
Gassgrill (metall)
Spraybokser (farleg avfall)
Varmtvasstank (metall)
Toner og blekk (farleg avfall)
Sparepærer (farleg avfall)
Lysrør (farleg avfall)
Termomter kvikksølv (farleg avfall)
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Glas- og metallemballasje

Glas- og metallemballasje skal reingjerast og tørkast. Ta av korkar og lok og skyl glaset og metallemballasjen i kaldt vatn. 

Merk at det berre er emballasje av glas og metall som skal i desse containerane. Sjå under kva type glas og metall som er emballasje og kva som ikkje skal i containerane. Glas- og metallemballasjen skal leggast laust ned i behaldaren, den skal ikkje pakkast inn i plastsekkar.

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.

 

Ja

Glasflasker
Kosmetikkglas
Vin- og spritflasker
Hermetikkboksar
Metallok og -korker
Telyshaldar metall
Syltetøyglas
 
 
 

Nei

Eldfaste former (restavfall)
Spikar (metall)
Drikkeglas (restavfall)
Porselen (restavfall)
Keramikk (restavfall)
Telyshaldar plast (restavfall)
Steikepanner (metall)
Vindaugsglas (restavfall)
Gryter (metall)
Metallband (metall)

Blanda restavfall

Blanda restavfall er det du sit att med etter at du har sortert papp, papir, glas- og metallemballasje og plastemballasje. Døme på kva type avfall du kan ha i avfallsbehaldaren ser du under.

Ja

Matrestar
Hundeposar
Bleier
Skiten plast
Skiten papp og papir
Suppeposar med aluminiumsbelegg
Kaffiposar med aluminiumsbelegg
Potetgullposar med aluminiumsbelegg

Nei

Farleg avfall
Trevirke
Hageavfall
Elektronisk avfall
 

Asbest

Vi tek i mot asbest frå private hushaldningar kostnadsfritt på miljøstasjonen (inntil 1000 kg pr år). Av omsyn til det miljøfarlege støvet er det strenge reglar for levering/mottak. Asbesten skal pakkast i 2-lags plast (tjukkelse 0,2 mm bygningsplast). 

Plasten må teipast godt igjen slik at støv ikkje kjem ut. Dersom det er større mengder med asbest, må det pakkast på ein pall med plast over og under. Lasset bør ikkje vere meir enn 1 meter høgt. Pallar får du på miljøstasjonen. Vi hjelper med å lesse av asbesten frå hengaren på Miljøstasjonen.

Beskytt deg gjerne med maske og hanskar når du pakkar asbesten.

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.

husk-a-pakke-asbest-inn-i-dobbelt-lag-med-plast_00592_00_06.jpg
Hugs å pakke asbesten i 2 lag med plast.

Tekstilar og kle

Leverer du kle og tekstilar til UFF og Fretex, er du med på å redusere mengda restavfall samt bidra til målretta humanitært arbeid. Du kan også ta kontakt med NMS Gjenbruk i Ørsta og Volda og høyre om dei vil ta i mot kleda. 

Kvaliteteten på det du leverer er ikkje avgjerande for nytteverdien.Det er viktig at tekstilane er reine og tørre. Det som ikkje går til ombruk, blir sendt til materialgjenvinning. Slitte tekstilar/kle kan bli til filleryer og tørkefiller.

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall

Ja

Kle
Små tepper
Puter
Handkle
Sko
Dyner
Sengety
Dukar
Belte
Smykke o.l.
Mjuke leiker
Gardiner

Nei

Skitne tekstilar/kle (restavfall)
Våte tekstilar/kle (restavfall)
Store tepper (restavfall)

Hageavfall

Du kan levere hageavfall kostnadsfritt til miljøstasjonen heile året. Hugs å tøme hageavfallet ut av sekkane ved levering, hageavfallet må ikkje blandast med plast. Du finn dunkar for sekkane ved hageavfallet. 

Hugs å sikre lasta på veg til miljøstasjonen. Du kan låne hengar for levering av hageavfall og anna avfall med oss.

- Trestammer skal vere under 25 cm på det tjukkaste for å verte definert som hageavfall.
- Sagflis i mindre mengder frå nedknusing av kvist og liknande er hageavfall
- Trerøter, steinheller, pyntesteinar, sand og jord er avfall til deponi
- "Svartelista artar" som: 
    - Rynkerose
    - Spansk kjørvel
    - Slireknearter
    - Kjempespringfrø
    - Hagelupin
    - Tromsøpalme
    - Kjempebjørnekjeks
    - Japanpestrot
skal leverast som avfall til forbrenning og må ikkje blandast i lag med hageavfallet.

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall

Ja

Greiner og kvistar
Lauv
Mose
Gras
Kutterflis
Nedfallsfrukt

Nei

Hageavfall i sekkar
Røter (til deponi)
Stein (til deponi)
Grus (til deponi)
Jord (til deponi)

Metall

Du kan levere alt av metall (feks aluminium, kopar, jarn) til miljøstasjonen. Dette er kostnadsfritt. Vi har ein eigen container i hallen til metall. Har du lange metalldelar eller veldig tunge gjenstandar, ta kontakt i vektbuda for tilvist plass til dette.

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall

 

Ja

Bildelar
Syklar
Barnevogner
Badekar
Varmtvasstankar
Spikar
Steikepanner
Gryter
Metallband
Vask av metall

Nei

Varmepumpe (metall)
Toalett (restavfall
eigen container)
Vask porselen (restavfall
eigen container)
Telyshaldar metall (glas/metallemb.)
 

Trevirke