Heime hos deg

Matavfall

Matavfall skal samlast opp i grøne matavfallposar som du får med VØR. For nye posar kan du knyte på eit handlenett på behaldaren, les meir om ordninga her: Knyt på behaldar. Matavfallet vert henta kvar 14. dag og sendt vidare til Mjøsanlegget i Lillehammer for biogassproduksjon.

JA

NEI

Matrestar (utan emballasje!) Hundeposar (restavfall)
Frukt og grønnsaker Blomster og hageavfall
Kaffegrut og filter (Våt) servietter (restavfall)
Teposar Matemballasje (restavfall)
Skaldyr og eggeskal Bind/tampongar og bleier (restavfall)
Småbein Kattesand (restavfall)
Tørkepapir med matrestar Snus og sigarettsneipar (restavfall)
Matvarer utgått på dato Tyggis (restavfall)
Skrell Bomull og q-tips (restavfall)

Restavfall (frå grøn behaldar)

Restavfall er det du sit att med etter at du har sortert resten. Døme på kva type restavfall du kan kaste i restavfallsbehaldaren og levere på miljøstasjonen ser du under.

JA

NEI

Hundeposar Rein emballasjeplast
Alle typar bleier Emballasje av glas/metall
Skiten plast og papir Tørt og reint papir og papp
Emballasje m. aluminumsbelegg  
Snusbokser med innhald i  
Glansa gåvepapir  

Papp, papir og drikkekartong

I papirbehaldaren kan du ha både papp, papir og tome drikkekartongar. Pass på at papir, drikkekartong og papp er reint og utan matrestar.

Drikkekartongar

  • Skyl og tørk drikkekartongane
  • Merk kartongane med namn og telefonnummer
  • Legg kartongane eller kubbane direkte i papirbehaldaren

For å delta i Returkartonglotteriet må kartongen vere merka med namn og telefonnummer. Ein kartong er med i trekninga på 10 000 kr. Dersom du pakkar seks kartongar i den sjuande, er du med i trekning både på 10 000 kr og 100 000 kr. Korker kan vere på og kartongane kan gjerne stikke opp. Les meir om lotteriet på Grønt Punkt si side Returkartonglotteriet.

Det er viktig å unngå feilsortering. Restavfall i papiret kan øydeleggje kvaliteten på resten av det innsamla papiret. Dersom du er usikker, kastar du papiret i restavfallet. Her er nokre døme på kva som skal og ikkje skal i papirbehaldaren.

JA

NEI

Aviser Farleg avfall (raud boks)
Pizzaøskjer Småelektrisk (raud boks)
Drikkekartongar Trevirke (miljøstasjonen)
Vekeblad Serviettar (restavfall)
Bølgepapp Tørkepapir (restavfall/matavfall)
Bøker m. mjuk perm Matpapir (restavfall)
Reklametrykksaker Suppeposar (restavfall/plast)
Pappøskjer Gåvepapir (restavfall)
Papirark Hageavfall (miljøstasjonen)
Eggekartongar Bøker hard perm (restavfall)

Emballasjeplast

Plast er eit oljebasert materiale. Når du leverer rein og tørr emballasjeplast til gjenvinning, er du med på å sikre dei viktige og verdifulle råstoffa som blir brukt i produksjonen av nye varer.

Emballasjeplast må vere rein og tom for å kunne brukast til gjenvinning. Då legg vi også til rette for gode hygieniske forhold for dei som arbeider i gjenvinningskjeda.

Skyl skiten plast i kaldt vatn og la vatnet renne av før levering. Bruk gjerne oppvaskbørste på vanskelege flekkar. Går ikkje dette, gjer plasten betre nytte i restavfallet. Legg plasten laust i sekken utan å pakke emballasjen opp i kvarandre. Hugs å knyte sekken godt igjen ved levering.

Emballasjeplasten blir samla inn kvar fjerde veke i eigen sekk, saman med papir. Plastsekken skal opp i papirbehaldaren. For nye sekkar kan du knyte på eit handlenett på behaldaren, les meir om ordninga her: Knyt på behaldar. Bruk ikkje andre sekkar til emballasjeplast enn dei du får med VØR. Sekkane skal heller ikkje brukast til andre ting enn emballasjeplast.

JA

NEI

Plastfolie Skiten plast (restavfall)
Sjampoflasker Kulepennar (restavfall)
Ostepakkar Isopor (restavfall)
Rømmebeger Tome malingsspann (restavfall)
Bæreposar Vedsekkar (restavfall)
Vaskemiddelflasker Strappeband (restavfall)
Blomsterpotte i plast Pillebrett (restavfall)
Kaffiposar (u. aluminiumsbelegg) Skumgummi og andre gummiprodukt (restavfall)
Suppeposar (u. aluminiumsbelegg) Leiker av plast (brennbart restavfall)
Potetgullposar (u. aluminiumsbelegg) Bøtter (brennbart restavfall)
Plastposar Tome oljekanner (brennbart restavfall)
Løkstrømpe (metallringar i enden skal i restavfall) Presenning (brennbart restavfall)
  Badebasseng (brennbart restavfall)
  Hageslangar (brennbart restavfall)
  Hagemøblar (brennbart restavfall)

 

Emballasje av glas/metall

Emballasje av glas/metall skal reingjerast og tørkast. Ta av korkar og lok og skyl glaset og emballasjen av metall i kaldt vatn. 

Sjå under kva type glas og metall som er emballasje. Emballasje frå glas og metall skal leggast laust opp i behaldaren, den skal ikkje pakkast inn i plastsekkar.​

JA

NEI

Glasflasker Telyshaldar plast (restavfall)
Kosmetikkglas Spikar (metall)
Vin- og spritflasker Drikkeglas (ikkje-brennbart restavfall)
Hermetikkboksar Porselen (ikkje-brennbart restavfall)
Metallok og -korker Keramikk (ikkje-brennbart restavfall)
Telyshaldar metall Eldfaste former (ikkje-brennbart restavfall)
Syltetøyglas Steikepanner og gryter (metall)
Aluminiumsformer/folie Vindaugsglas (ikkje-brennbart restavfall)
  Metallband (metall)

Farleg- og småelektrisk avfall (raud boks)

Farleg avfall inneheld helse- og miljøskadelege stoff, og må difor ikkje blandast saman med anna type avfall. Farleg avfall er avfall som sjølv i små mengder kan gjere stor skade på menneske og dyr dersom det kjem ut i naturen. 

Alle husstandar har fått ei raud boks til sortering av farleg avfall og småelektrisk. Denne kan du få tømt gratis på miljøstasjonen. På bygdene blir det arrangert innsamlingsaksjon for farleg avfall to gongar i året. 

I raud boks kan du plassere mindre mengder farleg og småelektrisk avfall.​

JA

NEI

Småbatteri Tome malingsspann metall (metall)
Beis, lim og lakk Tome malingsspann plast (brennbart restavfall)
Lyspærer Tørka malarkostar og filler (brennbart restavfall)
Sprayboksar Videokasettar (brennbart restavfall)
Blekkpatronar Sprøytespissar (pakkast godt inn og leverast i restavfall)
Klokke Fyrverkeri og ammunisjon (tilbake til forhandlar)
Hårfønar Medisin (apotek)
Mobiltelefon Spikar og skruar (metall)
Leidningar (ladarar, øretelefonar) Knust glas (ikkje-brennbart restavfall)
Røykvarslar  
Leiker med batteri  

På miljøstasjonen

Brennbart restavfall

Brennbart restavfall er det du sit att med etter at du har sortert resten.

JA

NEI

Møblar Mjuke leiker (tekstilar/kle)
Tapet Møblar i tre (trevirke)
Tome målingsspann i plast Tome målingsspann av metall (metall)
Tørre målepenslar og filler Bildekk utan felg (gummi)
Gåvepapir (glansa) Bøker mjuk perm (papir)
Asfaltplater Sykkel (metall)
Bøker med stiv perm Barnevogn (metall)
Beltepute Bilsete (metall)
Hagemøblar i plast Parkett (trevirke)
Golvbelegg (utan ftalat) Tarkett (trevirke)
Laminat Badekar (metall)
Presenningar  
Badebasseng  
Vedsekkar  
Strappeband  
Skumgummi  
Eingongsgrillar  

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall

 

Ikkje-brennbart restavfall

Ikkje- brennbart restavfall er avfall som ein ikkje kan material- eller energigjenvinne. Dette er avfall som i dag blir lagt på deponi. 

På miljøstasjonen skil vi mellom ikkje-brennbart restavfall reint og ikkje-brennbart restavfall forureina.

Ikkje-brennbart restavfall som er forureina er avfall som består av fleire material, som til dømes betong med armering og fliser med lim eller fugemasse.

Ikkje-brennbart restavfall

(reint)

Ikkje-brennbart restavfall

(forureina)

Keramikk (potter, fliser, koppar,skåler) Fliser med lim og fugerestar
Porselen (toalett, vask, pyntegjenstandar, koppar og tallerknar) Betong med armering
Spegel (bilspegel, baderomspegel) Mala betong
Glas (eldfaste former, drikkeglas, akvarium, vaser) Stein med jord
Lecablokker Betong- og sementrestar
Fliser  
Teglstein, takstein  
Stein (pyntesteinar, grus, steinheller)  

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.

Farleg avfall

Farleg avfall inneheld helse- og miljøskadelege stoff, og må difor ikkje blandast saman med anna type avfall. Farleg avfall er avfall som sjølv i små mengder kan gjere stor skade på menneske og dyr dersom det kjem ut i naturen. 

Farleg avfall skal leverast på miljøstasjonen eller anna godkjent mottak, slik at det kan handsamast på ein forsvarleg måte. Kvar abonnent kan levere inntil 1000 kg med farleg avfall i året. I tillegg kan ein levere inntil 500 kg med PCB-vindauger. 

JA

NEI

Måling Tome malingsspann metall (metall)
Beis, lim og lakk Tome malingsspann plast (brennbart restavfall)
Spillolje og oljeprodukt Tørka malarkostar og filler (brennbart restavfall)
Sprayboksar Videokasettar (brennbart restavfall)
Bensin og diesel Sement (ikkje-brennbart restavfall)
Løysemiddel og parafin Asfaltplater (brennbart restavfall)
Bilbatteri Asfaltpapp (brennbart restavfall)
Brannslukkingsapparat Keramikk (ikkje-brennbart restavfall)
Bilpleiemiddel Medisinar (apotek)
Golvbelegg m/ftalatar Patroner og fyrverkeri (tilbake til forhandlar)
Impregnert trevirke Dynamitt (tilbake til forhandlar)
Asbest (sjå under Asbest for levering)  
Kjemikaliar  
Sparepære  
Lysrøyr  
Reingjeringsmiddel  
Vindauge med PCB eller klorparafin  
Vindauge med asbest  
Vindauge/dør med bly  
Toner og blekkpatronar  
Kvikksølvtermometer  
Sterke syrar  
Baser og lut  
Plantevernmiddel  
Ugrasmiddel  
Motorrens  

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.

Asbest/eternitt

Vi tek i mot asbest frå private hushaldningar kostnadsfritt på miljøstasjonen (inntil 1000 kg pr år). Av omsyn til det miljøfarlege støvet er det strenge reglar for levering/mottak. Asbesten skal pakkast i 2-lags plast som du sjølv må skaffe deg og merkast med "asbest". Det som ikkje er forskriftsmessig pakka, vert avvist. Er du usikker, ta kontakt før levering.

Plasten må teipast godt igjen slik at støv ikkje kjem ut. Dersom det er større mengder med asbest, må det pakkast på ein pall med plast over og under. Lasset bør ikkje vere meir enn 1 meter høgt. Vi hjelper med å lesse av asbesten frå hengaren på Miljøstasjonen.

Innanding av asbestfiber kan vere kreftframkallande, difor er krava strenge.

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.

husk-a-pakke-asbest-inn-i-dobbelt-lag-med-plast.jpg


 

Elektrisk avfall

Elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) inneheld miljøgifter og må difor handsamast på ein forsvarleg måte. Alt som har ledning eller batteri er EE-avfall. Elektrisk avfall frå private hushaldningar kan leverast gratis på miljøstasjonen.

Hos forhandlar
Elektrisk avfall kan du også levere tilbake til forhandlar, enten der du kjøpte vara eller til ein annan butikk som sel same type produkt. Du treng med andre ord ikkje å ha kjøpt vara akkurat der du leverer den inn, og forhandlaren treng ikkje å føre akkurat det merket. Du treng heller ikkje å kjøpe noko nytt når du leverer. Forhandlarar av elektriske- og elektroniske produkt har plikt til å ta imot EE-avfall gratis.

JA

NEI

Leiker med batteri Bilbatteri (farleg avfall)
Lamper Bildelar (metall)
CD-spelar CD/DVD (restavfall)
Klokke Gassgrill (metall)
Hårfønar Spraybokser (farleg avfall)
Mobiltelefon Varmtvasstank (metall)
Datautstyr Toner og blekk (farleg avfall)
Røykvarslar Sparepærer (farleg avfall)
Kjøkenmaskin Lysrør (farleg avfall)
Kjøleskap Termometer kvikksølv (farleg avfall)
Frysar  
Steikeomn  
Mikrobølgeomn  
Oppvaskmaskin  
Vaskemaskin  
Tørketrommel  
Varmeomn  
Varmepumpe  
Blinkesko  

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.

Tekstilar

Leverer du kle og tekstilar til UFF, Fretex og Filex, er du med på å redusere mengda restavfall samt bidra til målretta humanitært arbeid. Du kan også ta kontakt med NMS Gjenbruk i Ørsta og Volda og høyre om dei vil ta i mot kleda. 

Det er viktig at tekstilane er reine og tørre. Det som ikkje går til ombruk, blir sendt til materialgjenvinning. Slitte tekstilar/kle kan bli til filleryer og tørkefiller.​

JA

NEI

Kle Skitne og våte tekstilar/kle (restavfall)
Små tepper Store tepper (restavfall)
Puter Slitte og øydelagde sko
Handkle  
Sko  
Dyner  
Sengety  
Dukar  
Belte  
Smykke o.l.  
Mjuke leiker  
Gardiner  

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.

Hageavfall

Du kan levere hageavfall kostnadsfritt til miljøstasjonen heile året. Hugs å tømme hageavfallet ut av sekkane ved levering, hageavfallet må ikkje blandast med plast. Du finn behaldarar for plast ved hageavfallet. 

Hugs å sikre lasta på veg til miljøstasjonen. Du kan leige hengar for levering av hageavfall og anna avfall med oss.

- Trestammer skal vere under 25 cm på det tjukkaste for å verte definert som hageavfall.
- Sagflis i mindre mengder frå nedknusing av kvist og liknande er hageavfall
- Trerøter, steinheller, pyntesteinar, sand og jord er avfall som skal til deponi og skal leverast som ikkje-brennbart restavfall.
- Svartelista planter skal leverast til forbrenning og må ikkje blandast i lag med hageavfallet. Sjekk oversikt over desse artane her: Fremmedartslista

JA

NEI

Greiner og kvistar Hageavfall i sekkar (må tømast)
Lauv Røter (ikkje-brennbart restavfall)
Mose Jord (ikkje-brennbart restavfall)
Nedfallsfrukt Stein (ikkje-brennbart restavfall)
Kutterflis Grus (ikkje-brennbart restavfall)
Blomster Trestamme over 25 cm diameter (trevirke)
  Svartelista planteartar (brennbart restavfall)

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.

Metall

Du kan levere alt av metall (feks aluminium, kopar, jarn) til miljøstasjonen. Dette er kostnadsfritt. Hugs å tappe av olje/diesel frå motorar og girkasser før levering.​

JA

NEI

Bildelar Varmepumpe (elektrisk)
Syklar Toalett og vask av porselen (ikkje-brennbart restavfall)
Barnevogner  
Badekar  
Spikar  
Steikepanner og gryter  
Metallband  
Vask av metall  
Decratak  
Takrenne  
Bølgeblikk  
Metallgjerde  
Bestikk  

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.

Trevirke

Trevirke som er mala, lakka og med spiker i, kan du levere som trevirke. Impregnert trevirke skal sorterast som farleg avfall og leverast i eigen container.​

JA

NEI

Sponplater Dører med glas (brennbart restavfall)
Treplankar Impregnert trevirke (farleg avfall)
Parkett Laminat (brennbart restavfall)
Tarkett Baderomsplater (brennbart restavfall)
Møblar i tre Sofa (brennbart restavfall)
Pallar (også europallar) Trerøter (ikkje-brennbart restavfall)
Trestammar over 25 cm diameter Hageavfall
Sagflis/mask  
Huntonittplater  
Bordkledning  
Royal impregnert trevirke  
   
   

NB! Avfall som vert levert frå container-selskap og firmabilar vert rekna som næringsavfall.