Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) driv med innsamling, sortering og vidaresending av avfall og kloakkslam for privatpersonar og næringsliv i Volda og Ørsta kommunar. Alle aktivitetene våre er konsesjonsregulert. Det betyr at alt vi gjer, frå rutinar omkring avfallshandtering til opningstider, følgjer vilkåra frå Statens Forureiningstilsyn og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

VØR si drift er delt i to selskap. VØR tek seg av monopoloppgåvene etter forureiningslova slik som innsamling og vidaresending av hushaldningsavfall og slam. VØR sitt heileigde dotterselskap, Retura Søre Sunnmøre AS, leverer avfallstenester til næringslivet.

Representantskap og styre

VØR er eigd av Volda og Ørsta kommunar. Etter kommunevalet kvart fjerde år, vel kommunestyra eit representantskap for VØR. Representantskapet vedtek årlege budsjett, godkjenn planar og tiltak og fører tilsyn med styret og administrasjonen sitt arbeid. Annakvart år vel representantskapet nytt styre for VØR.

Styret vert valt for ein periode på to år om gongen og har ansvaret for å sjå til at drifta vert drive i samsvar med dei avgjerslene og retningslinjene som er fastsette av representantskapet.

Kjeldesortering

På VØR er vi opptatt av å inspirere til gjennvinning og kjeldesortering. Derfor har vi gjort ei rekke tiltak som gjer det enklare for brukarane våre å bidra til ei berekraftig avfallshandtering:

  • Miljøstasjonen har fleksible opningstider med langope på tysdagar heile året og helgeope på laurdagar i sommarhalvåret.
  • For eksempel metall, plastemballasje, hageavfall, elektrisk / elektronisk avfall og farleg avfall frå private hushaldningar er gratis å levere.
  • Fritidshus/hytteeigarar får levere til felles container.
  • Eit venleg og løysingsorientert kundesenter som svarer på alt du måtte lure på.

Kontor og miljøstasjonen til VØR ligg praktisk plassert i Hovdebygda, midt mellom Ørsta og Volda sentrum. Vegskildring og opningstider finn du her: Kart til miljøstajonen og opningstider
Organisasjonsmodell 2023 til nettsida.jpg

Flyfoto over miljøstasjonen

Besøk på VØR

Når du besøker miljøstasjonen på VØR, kjem du først til vektbuda, der bil og eventuelt hengar blir vegd inn. Vektoperatør vil hjelpe deg dersom du har spørsmål om avfall du har med. Ta til venstre etter vektbuda, så køyrer du langs miljøstasjonen til du når enden, der ein veg svingar opp til høgre, for hageavfallet. Her er inngangen til miljøstasjonen. Inne på miljøstasjonen er der tilsette som vil rettleie deg under sortering og som tek imot farleg- og elektrisk avfall.

Dersom du har spørsmål om abonnement eller andre ting, kan du ta turen innom administrasjonsbygget og resepsjonen, som ligg rett fram etter vektbuda. Alle bygningar på VØR er merka med store, synlege bokstavar for å gjere det enklare for brukarar av miljøstasjonen å finne fram.

A: Administrasjonsbygget

B: Lagerbygget

C: Miljøstasjonen

D: Sorteringshallen

E: Avfallshallen

F: Vektbuda

 

IMG_4897.JPG