Kva kan eg sortere som matavfall?

JA TAKK

NEI TAKK

Matrestar (utan emballasje!) Blomster og potteplanter
Kaffifilter- og grut Hageavfall
Teposar Kattesand
Skrell Snus og sigarettsneipar
Bleier Matavfall i emballasje
Tørkepapir med matrestar Hundeposar
Småbein Tyggis
Skaldyrrestar Bomull og q-tips
Egge- og nøtteskal Bind og tampongar
Tømming av matavfall hjå SSR
Tømming av matavfall hjå SSR

Kva skjer med matavfallet?

Matavfallet vi samlar inn hjå deg, blir sendt til Mjøsanlegget i Lillehammer, saman med matavfall frå Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR). På Mjøsanlegget blir dei grøne posane opna av ei kvern, og uynskt materiale blir sortert ut. Metall blir sortert ut ved hjelp av ein kraftig magnet, og plast blir skilt ut ved hjelp av fleire filter. Matavfallet går vidare til ein stor tank og blir kokt på 138 grader i minst 20 minutt. Så går det til rotnetankar der resultatet blir fornybar biogass og næringsrik biogjødsel. Dei tørre restane etter denne prosessen vert blanda med hageavfall, sand og torv til ulike jordprodukt for sal.  

Mjøsanlegget følgjer gjødselvareforskrifta som seier at ei gjødselvare kan maks innehalde 0,5% forureining. Gjødselvareforskrifta sett også krav til at partiklar ikkje skal vere over 4mm. Mjøsanlegget tek 4 prøver i året av gjødsla og prøvene hittil viser 0,18 % forureining, altså langt under krava om 0,5% som beskrive i gjødselvareforskrifta. Dei 0,18 % består av både sand, glas, stein og anna grums. Ved neste prøvetaking skal dei også teste for nivået av nanoplast, etter at dei har installert eit meir avansert filter.

Matavfallet ditt kjem til god nytte etter du har kasta det

Eg har berre 2-3 posar med matavfall...?

Det er absolutt godt nok! Det viktigaste er at du sorterer det matavfallet du har (om du ikkje et det opp). I gjennomsnitt, samlar vi inn mellom 25 og 30 tonn med matavfall kvar veke frå innbyggjarane våra. Matavfallet vårt inneheld verdifuller ressursar, og ved å sortere det, får vi utnytta og gjenvunne desse ressursane mange gangar. 

Miljøgevinsten av å gjenvinne matavfallet er stor. Dette skyldast bl.a at vi globalt har avgrensa med fosforressursar i dag. Fosfor blir produsert av bergarten fosforitt som er å finne i gruver i nokon få land. Fosfor er eit viktig næringsstoff som alt liv på jorda er avhengig av. Det er også ein av dei viktigaste komponentane i kunstgjødsel.

I 2018 bad Stortinget Regjeringa om å utarbeide ein nasjonal strategi for gjenvinning av fosfor, som ein del av utviklinga av ein sirkulær økonomi i Noreg. Matavfallet vårt (i tillegg til husdyrgjødsel og fiskeslam) er ein av dei viktigaste kjeldene til fosfor. I tillegg inneheld matavfallet andre viktige næringsstoff som nitrogen og kalium. Når vi gjenvinner matavfallet vårt, får vi ført desse næringsstoffa tilbake til matjorda vår gjennom biogjødselen. Biogjødselen kan dermed i stor grad erstatte behovet for kunstgjødsel.

Auka gjenvinning av matavfall har også ein positiv klimagevinst. Gjennom fornybar biogass, bidreg vi til at vi får fleire alternativ til fossilt drivstoff. Innsatsen du og eg gjer på kjøkkenet når vi sorterer, er med andre ord eit viktig bidrag mot eit meir berekraftig samfunn. Vi tek vare på avgrensa naturressursar og sørger for at desse går i eit kretsløp.

2-3 posar er normalen for fleire i løpet av to veker og dette utgjer i gjennomsnitt omlag 6-7 kilo. Dette gir nok biogass til at ein buss kan køyre 1,5 km på matavfallet ditt! 2-3 posar med matavfall er dermed eit viktig bidrag i den store samanhengen. 

Det er ikkje forventa at matavfallsdunken skal vere full før kvar henting. Men eit alternativ, om ein produserer lite matavfall, kan vere å prøve seg på varmekompostering. I dag finst det enkle og raske løysingar, som for eksempel Bokashi bøtta, som er liten og lettvint å ha i kjøkkenbenken, og produserer fin og næringsrik jord av matavfallet ditt. 

 

Planlegg måltid i lag med dei små.
Planlegg måltid i lag med dei små.

Tips for å unngå matsvinn

Det beste miljøtiltaket, i lag med god kjeldesortering av matavfall, er å ete opp maten. Det er fleire ting du kan gjere for å unngå matsvinn:

  • Lukt og smak før du kastar produktet. Best før, betyr ofte god etter.
  • Engasjer borna til å vere med å lage middag ein gang i veka. På denne måten får dei eit heilt anna forhold til det dei et og kvar maten kjem frå. Dette skapar ei bevisstgjering om å ikkje kaste mat unødvendig.
  • Restefest! Kombiner spennande og varierte reste-ingrediensar og lag ein gryterett eller ein god bakst. Kva med stekt ris og ananas, eller mini tacos? Spennande restematoppskrifter finner du her: Matprat - restemat.
  • Lag ein middagskalender, der du planlegger innkjøp til middag ei veke om gangen. Dette gjer at ein ofte kan bruke av dei same ingrediensane til fleire middager og at ein ikkje kjøpar med seg mykje unødvendig.
  • For andre nyttige tips ta ein titt på Matvett sine sider: Matvett.no

 

matavfall_860
Vi må bli flinkare til å ete opp maten vår.

Visste du at

  • I gjennomsnitt kastar ein innbyggjar 426 kg med hushaldsavfall kvart år? Rundt halvparten av dette er matavfall. Totalt så kastar nordmenn over 300 000 tonn mat kvart år som kunne ha vore ete.
  • Omtrent 75% av alle hushald i Norge har tilgang på returordning for matavfall.
  • Matavfall inneheld fosfor og andre viktige næringsstoff. Fosfor er eit avgrensa og essensielt næringsstoff for planter, dyr og menneskjer. Det er derfor viktig at dette vert ført tilbake til jorda gjennom eit kretsløp.
  • Ein buss som går på biogass kan kjøre 0,5 km på 2 kg matavfall. I dag køyrer fleire bussar i Oslo på biogass.