Alle våre abonnentar, utan varmekomposteringsavtale, har ein brun dunk til matavfallet, samt rullar med grøne matavfallposar og ein mindre behaldar til kjøkkenet.

Kva kan eg sortere som matavfall?

 

JA TAKK

NEI TAKK

Matrestar (utan emballasje!) Blomster og potteplanter
Kaffifilter- og grut Hageavfall
Teposar Kattesand
Skrell Snus og sigarettsneipar
Bleier Matavfall i emballasje
Tørkepapir med matrestar Hundeposar
Småbein Tyggis
Skaldyrrestar Bomull og q-tips
Egge- og nøtteskal Bind og tampongar
Tømming av matavfall hjå SSR

Kva skjer med matavfallet?

Matavfallet vi samlar inn hjå deg, blir sendt til Mjøsanlegget i Lillehammer, saman med matavfall frå Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR). På Mjøsanlegget blir dei grøne posane opna av ei kvern, og uynskt materiale blir sortert ut. Metall blir sortert ut ved hjelp av ein kraftig magnet, og plast blir skilt ut ved hjelp av fleire filter. Matavfallet går vidare til ein stor tank og blir kokt på 138 grader i minst 20 minutt. Så går det til rotnetankar der resultatet blir fornybar biogass og næringsrik biogjødsel. Dei tørre restane etter denne prosessen vert blanda med hageavfall, sand og torv til ulike jordprodukt for sal.  

Mjøsanlegget følgjer gjødselvareforskrifta som seier at ei gjødselvare kan maks innehalde 0,5% forureining. Gjødselvareforskrifta sett også krav til at partiklar ikkje skal vere over 4mm. Mjøsanlegget tek 4 prøver i året av gjødsla og prøvene hittil viser 0,18 % forureining, altså langt under krava om 0,5% som beskrive i gjødselvareforskrifta. Dei 0,18 % består av både sand, glas, stein og anna grums. Ved neste prøvetaking skal dei også teste for nivået av nanoplast, etter at dei har installert eit meir avansert filter.

Jordklode
Vi må ta vare på dei avgrensa ressursane våre

Kvifor sorterer vi matavfall?

I 2018, bad Stortinget regjeringa om å stille krav til kommunar om lovpålagt utsortering og materialgjenvinning av plast og matavfall frå hushald og liknande avfall frå næring. Dette er viktige verkemiddlar skal vi nå EU kravet om 50 % materialgjenvinning av hushaldavfall innan 2020. I dag har 78% av innbyggjarane i Norge tilbod om sortering og henting av matavfall. Matavfallet vårt inneheld verdifuller ressursar, og ved å sortere det, får vi utnytta og gjenvunne desse ressursane mange gangar. 

Miljøgevinsten av å gjenvinne matavfallet er stor. Dette skyldast bl.a at vi globalt har avgrensa med fosforressursar i dag. Fosfor blir produsert av bergarten fosforitt som er å finne i gruver i nokon få land. Fosfor er eit viktig næringsstoff som alt liv på jorda er avhengig av. Det er også ein av dei viktigaste komponentane i kunstgjødsel.

Som ein del av utviklinga av ein sirkulær økonomi i Noreg, har Stortinget bede Regjeringa om å utarbeide ein nasjonal strategi for gjenvinning av fosfor. Matavfallet vårt (i tillegg til husdyrgjødsel og fiskeslam) er ein av dei viktigaste kjeldene til fosfor. I tillegg inneheld matavfallet andre viktige næringsstoff som nitrogen og kalium. Når vi gjenvinner matavfallet vårt, får vi ført desse næringsstoffa tilbake til matjorda vår gjennom biogjødselen. Biogjødselen kan dermed i stor grad erstatte behovet for kunstgjødsel.

Auka gjenvinning av matavfall har også ein positiv klimagevinst. Gjennom fornybar biogass, bidreg vi til at vi får fleire alternativ til fossilt drivstoff. Innsatsen du og eg gjer på kjøkkenet når vi sorterer, er med andre ord eit viktig bidrag mot eit meir berekraftig samfunn. Vi tek vare på avgrensa naturressursar og sørger for at desse går i eit kretsløp.