Strandrydding

Ryddeaksjonar

Har du avfall som stammar frå ryddeaksjonar?

Hugs å oppgi aksjonskoda til ryddeaksjonen når du kjem til vekta.  Slik veit vi kvar avfallet stammer frå. Vi vil registrere inn vekt og avslutte aksjonen for deg.

Har du ikkje registrert aksjonen?  Dette kan du gjere på Hold Norge Rent sin ryddeportal.  Her kan du også undersøke om det er andre ryddeaksjonar i nærleiken av deg, samt registrere forureina områder.

tilhenger1
Vi har to hengarar til låns

Treng du å låne hengar?

nettsida vår kan du reservere hengar opptil 4 timar samanhengande.  Marker tidspunktet på kalenderen du ynskjer å låne ein og pass på å lese villkåra for låning. Gå vidare til kassa og skriv inn kontaktinformasjonen din. Deretter vil du få ei stadfesting frå oss på mail.

Hugs å sikre lasta godt slik at ikkje avfallet er til fare for andre eller hamnar i vegkanten.

Eit tips, før ein leverer avfallet på miljøstasjonen, er å planlegge på førehand korleis avfallet skal plasserast og leverast, slik at ein får like og gratis fraksjonar for seg og gjenstandar som kostar for seg. Då sparar ein tid på miljøstasjonen.

Oversikt over prisar og kva du kan levere på miljøstasjonen finn du her.