Slik brukar du appen:
 
Appen Min Renovasjon har fire hovudfunksjonar:
  • Tømekalender
  • Sorteringsinformasjon
  • Returpunkt
  • Miljøstasjon
  • Melding til VØR
Nedanfor står det steg for steg korleis ein legg inn adresse for å få opp informasjon i appen. Får du beskjed om at appen vil sende deg push-varsel, må du godta dette for å kunne bruke varslinga i appen.
 
 
 
Min_renovasjon_1_715
1

1. Når du startar appen, vil du komme til startskjermen som du ser på skjermbiletet til høgre. Første gong du bruker appen må du legge inn ei adresse. Trykk på det grøne pluss-teiknet oppe til høgre.

 

 

Min_renovasjon_2_716
2

2. Vel den kommuna du bur i.

Du kan søke den opp i det heilt 
øverste feltet eller trykke på den 
i lista som kjem opp.

 

 

Min_renovasjon_3_717
3
3. Du vil no få eit nytt val, her 
skriv du inn gateadresse eller 
gards- og bruksnummer.
 

Gards- og bruksnr skrivast slik: 25/248 
(gardsnr først).

Finn du di adresse, trykk på denne.

Finn du ikkje di adresse, ta kontakt
med VØR så kan vi hjelpe deg å 
finne ei midlertidig adresse som 
tilsvarar dine hentedagar.

 

 

Min_renovasjon_4_718
4

4. Her er oversikta over dei forskjellige 
modulane i appen.

Tømekalender viser dei to neste 
hentingane på oppgitt adresse. Her 
kan du også legge til varsling.

Sortering viser sorteringsinformasjon.

Returpunkter viser kart kvar 
behaldarane for glas- og 
metallemballasje står, klescontainerane 
til UFF og Fretex i Volda og Ørsta 
(kan zoomast inn og ut).

Miljøstasjonen viser info med 
opningstider, prisar og kart.

Melding viser ulike type meldingar 
du kan sende til oss. Dersom 
behaldaren din for eksempel 
ikkje har vorte tømt, kan du melde 
det inn via appen.

 

 

Min_renovasjon_5_719
5

5. For å legge til ei varsling må 
appen ha tillatelse til å sende 
push-varsel.

Du kan velje når du vil ha 
varslinga, dagen før eller 
om morgonen på tømedagen. 
Du vil då få ei varsling på telefonen
som minner deg på hentedagen.

Merk at det kan vere lurt å
oppdatere appen til nyaste 
versjon jamleg, slik at varslinga 
fungerer optimalt. Appen er også 
avhengig av at ein har slått på 
mobildata eller har på trådlaust 
nett på varslingstidspunktet 
for at det skal fungere.

 

Feilretting dersom du ikkje får varsel:

iPhone: Sjekk om mobildata er skrudd på.  Appen må ha tilgang til mobildata. Dersom ein ikkje er kopla til Wi-Fi, vil ikkje det kome varsel frå appen. 

Samsung: Nyare oppdateringar fra Samsung inkluderar noko som heiter “Appoptimering" som gjer at den blokkerar alarmar for appar. Dersom du har problem med at du ikkje får varsel på Samsung telefonar, kan du gjere følgjande:

1. Velg app: Smart Manager
2. Velg Kategori: “Batteri”
3. Under Appoptimering, velg “INFO”
4. Deaktiver funksjonen appoptimalisering for Min Renovasjon

Huawei:
Huawei telefonar har også dette med straumsparing av appar. For å slå av dette for appen Min renovasjon kan du gjere følgjande:

  1. Gå til Innstillinger og så til Apper
  2. Finn appen Min renovasjon
  3. Vel så Detaljer om strømforbruk
  4. Vel App-oppstart og hak vekk administrer automatisk
  5. Dei tre punkta Auto-start, Sekundær oppstart og Kjør i bakgrunn skal vere aktivert

Ta kontakt med oss på tlf 70 04 86 00 eller e-post: firmapost@vor.no dersom du fortsatt ikkje får varsel på telefonen.